 |
|
|
|
|
|

|

|

|

|
|
Ein
vanleg juli-onsdag i Helvete - 2003
(jettegrytene i Espedalen)
|
|
www.otta2000.com
(Juli 2003) |
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Jettegrytene
Jettegrytene sør
i Espedalen ligg om lag 200 meter frå riksveg 255.
Ein fin rundtur - med ein
avstikkar til denne naturperla - startar frå Vinstra, følgjer vegen opp til
Fefor høgfjellshotell, vidare etter Peer Gyntvegen forbi Lomsetra og
Hattdalssetrene til Espedalen ved Dalseter, - derifrå sørover Espedalen på
riksveg 255 (med ein stopp på Verksodden - sentrum for nikkelverket på
attenhundretalet) før ein kjem til "Helvete" nokre kilometer
lenger sør.
Etter å ha sett jettegrytene kan ein så velje ein kort variant - om
Svatsum og tilbake om Børkdalen (bomveg), langs Gålåvatnet, vidare om
Vollsdammen og ned til Vinstra. - Eller ein kan køyre vidare til Aulestad
(Bjørnstjerne Bjørnson), Fåberg og attende E6 gjennom Gudbrandsdalen.
|
|
|
Litt historikk om
Helvete
Ved slutten av
siste istid rann ikkje Vinstra ned i Gudbrandsdalen, - men gjennom
Espedalen, gjennom Gausdal og ut i Mjøsa omlag åtte kilometer sør for
Lillehammer. Det var på denne tida dei veldige jettegrytene, dei største i
Nord-Europa vart til.
Det må ha vore ei voldsom elv på denne tida, -
jettegrytene er over 20 meter i diameter og førti meter djupe!
For omlag 9000 år
sidan braut elva seg nytt far, austover gjennom ein morenerygg i Skåbu, og
grov ut dalføret ned til det som i dag er tettstaden Vinstra - og
Gudbrandsdalslågen.
Det som vart det nye
elvefaret - er og eit imponerande syn - det veit den som har
køyrd riksvegen frå Skåbu til Vinstra.
|
|
|
 |
|
|
|
|
|

|

I
ei hundre meter djup kløft ligg dei enorme jettegrytene

Ny
kafé og kiosk
- Inngangen til "Helvete" |
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
|
|
Det
siste året (2003) har mykje vorte gjort for å gjera tilgangen til området betre
og tryggare.
Eit nytt servicebygg er sett opp - med kafé, informasjonstavler, moderne
sanitæranlegg og ny parkeringsplass. Nye tropper og meir rekkverk er kome
på plass- Og det kjem godt med, - sist år vitja omlag 7000 personar staden.
I tilknyting til jettegrytene finn ein og ein park med rikeleg med bord og
benkar for dei som vil raste der. For ungane er det ulike leikeaktivitetar,
- og dei vil og møte husdyr som geit, sau, gås m.m i sitt naturlege
miljø.
|
|
 |
|
|
|
|
|

|

I
botnen er det laga plankebruer slik at ein kjem seg fram til dei inste
jettegrytene
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
 |
|
|
|
|
|

|

Det er ei trolsk
stemning nede i grytene.
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
 |
|
|
|
|
|

|

Mellom
bergkantane ser ein sollyset
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
 |
|
|
|
|
|

|

"Ute"-delen
av kafeen er solid laga.

Denne
slektningen av "Blåmann" møtte meg inne i parken, sky og
nysgjerrig på same tid.

Ein
lyt få briske seg litt av og til.

Det
er godt med plass til parkering
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
|
|
Her finn du meir
informasjon om "Helvete" og Espedalen:
http://www.helvete.info |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|