|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
(utgjeve av
Mållaget Ivar Kleiven)
Slaget
i Kringen:
- tømmerveltene - Lady Sinclair - Pillarguri, kva er
segn og kva er
sanning?
Lalm rundt 1930
- Korleis var det å vekse opp der, - med ein skuleveg på vel
mila fram og
attende.
Kristian Prestgard
- heidølen som vart redaktør for Decorah-posten i USA
Tjuvveigen i Holongsøyom
- og Bøla på Rustom
Einar
Johansen Mo (1821-1892)
- Omgangsskulelæraren og postopnaren i Vågå. Han var halv "krypling"
til beins fortel Ivar Kleiven. Difor
måtte mor hans bera han på ryggen
til skulen da han var liten. Han vart
ein dyktig lærar i 43 år i Vågå.
"Gjømme Stein"
- og ti-tolv andre folkeleikar frå Sel samla av Peter
Christen Asbjørnsen
Vågå
rundt 1900
- korleis levde og festa vagverane ved århundreskiftet?
Bortimot 100 gamle
Vågå-ord:
- "årøyte", "å bemle" ...
Det
første amerikabrevet i Heidal
-
Om alt dette og meir til kan du lese i
"- sagt og
skrivi gjennom ti'in"
|
|
|
|
|
|
Illustrasjonsfoto Vågå: - Sygard Storrvik sett frå austsida av
Vågåvatnet.
Web: Geir Neverdal
www.otta2000.com
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Den 13.
årgangen er å få kjøpt hos Mari Lien, 2682 Lalm
(tlf. 61 23 90 68), eller hos Libris på Otta.
Fram til 1907 var Vågå, Sel og
Heidal ein kommune og mykje av stoffet vil såleis vera av interesse for
heile denne delen av Gudbrandsdalen.
Snart 400 år sidan slaget
ved Kringen (1612-2012)
Den første teksten, - om
slaget ved Kringen og Ivar Kleivens bok "Frå Skotteåre" er aktuell no,
ettersom vi snart skal ha eit 400-årsjubileum for denne hendinga.
Hodne tek føre seg kildegrunnlaget og ser nærare på nokre av dei
elementa som nyare forskarar stiller spørsmål ved.
|
ISBN-13:
978-82-993347-6-1
er å få kjøpt hos :
Mari Lien, 2682 Lalm
(tlf. 61 23 90 68)
Kr 80,- (+ev.porto)
Otta Libris |
|
|
Minne frå Lalm
Det kunne vera hardt for ein
sjuåring å traske gjennom snø og snøfokk frå norda Snerle til fastskulen
på Lalm fyrst i trettiåra. Midtvinters kunne det òg vera både mørkt og
kaldt.
Det var medan Ellen Hansen styrde i småskulen og Lars Folkedal i
storskulen der.
Jørgen Espelund fortel levande om skulevegen sin, men nyttar og høvet
til å gje oss mange minneglimt frå det gamle Lalm.
- Tida da Aksel Lundh med "maskinhåmåren" sin laga mjølkespann og baljer
og andre nyttige ting for bygdafolket,
- da det var telefonsentral og kafé i Bruviktunet
- og da det berre var ein løypestreng over Ottaelva til erstatning for
brua som reiste i 1929 |
|
Illustrasjonsfoto.
Biletet er teke frå svingen ved Snerle og syner delar av skulevegen til
Jørgen Espelund som den gongen var 6-7 år gammal
Tettstaden Lalm med skulen er ikkje synleg men ligg lengst til høgre bak i
biletet.
|
|
Amerikabrev
- Vi som bur
i Gudbrandsdalen har mest alle slektningar i Amerika. Slik sett er
"Det første amerikabrevet i Heidal" interessant. Her møter vi ikkje
berre brevet frå Arne Hågå, - vi får ei humoristisk men òg gripande
beretning om kva denne utvandringa førde med seg for menneska i
fjellbygda - og om den 12 år gamle "skriftlærde" Kristian som må
formidle innhaldet i brevet til foreldra hans. - Han må etterpå føre
svarbrevet i penn.
Han er så flink til å "daktere" heiter det i bygda (dyktig til å
få stil og sving på brev og lignande).
Mange, serleg av dei eldre, var ikkje skrive- og leseføre i tida like
etter 1870, difor lyt Kristian òg ta på seg skrivinga av kjærleiksbrev
til Arne, noko han får eit par praktfulle "brigda" hosoband for.
(Her kan du lesa meir om Kristian)
Svein Holen
Inntrykk
gjer òg diktet til Svein Holen "Held du omkring meg".
Ottadalen har gjennom dei siste tre hundre åra fostra mange skriveføre
personar - og her har Vågå ein lyrikar som eg gjerne les meir av.
Sjå
heile innhaldslista
Redaktørar:
Mari Lien og
Gudmund Harildstad
I redaksjonen elles:
Gjertrud Skogen og
Ivar Schjølberg
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Bergje-gardane - i
nørdre Nordherad
med Sundbrua og Sjårdalsvegen i bakgrunnen
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Innhaldsliste
|
|
|
|
Ørnulf Hodne |
Slaget ved Kringen |
|
|
Jørgen Espelund |
Minne frå skulveigen på Lalm |
|
|
Halvdan Koht |
Tore Steine |
|
|
Frå Folkevennen 1898 |
Gjennem Våge |
|
|
Svein Holen |
Held du omkring meg. Dikt |
|
|
Halvard Grude Forfang |
Kristian Prestgard |
|
|
Reidar Th Christiansen. |
Visdomsord frå Lom og Vågå |
|
|
Einar Kleiven |
Gåmålt frå Holongsøyom |
|
|
Mathias Øvsteng |
Tre i Norge ved to av dem |
|
|
Ivar Kleiven |
Einar Johansen Mo |
|
|
Truls Gjefsen |
Asbjørnsen samla folkeleikar i Sel |
|
|
Einar Kleiven og Gudmund Harildstad |
Vågå-ord etter Ivar Kleiven |
|
|
Kristian Prestgard |
Det første amerikabrevet |
|
|
Frå årbok for Gudbrandsdalen 1971 |
Gamle ord frå Sel |
|
|
Andreas Bjørkum |
Ordtydingar |
|
|
Resultat av ordtydingskonkurransen under Vågådågå i 2006 |
Kan du vågåmålet? |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Tips:
Dersom du
leiter etter eit ord, eit uttrykk, eller ein link på ei side med mykje tekst
kan du gjera følgjande:
Hald nede Ctrl-knappen på tastaturet og trykk
f.
Da vil følgjande kome opp:
|
|
|
Skriv inn søkjeord/uttrykk og trykk "Søk etter neste".
Du vil da bli vist neste førekomst av ordet/uttrykket
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|