|

|
|
|
|
|
|

|
|

|
|

|
|
|
|

|
|

|
1749-1794
Døleviser og
Dialekt-ordsamling
|

|
|
|
|
Web: Geir Neverdal
www.otta2000.com
(Oppdatert 02.09.2017
og 11. oktober 2024)
|
|

|
|
|
|
|
|
|
|
|

|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Oppveksten
i Norge
Tida i Danmark
Utdrag frå eit
brev til Vågå i juli 1777
Skulereformatoren Edvard Storm
Jon Peder Vestad: Ord og år
Litt om verda på den tida Edvard Storm levde
Dikting
Dialekt-ordsamling
Kjelder
|
|
|
|
|
|
|

"Farvæl Kve,
som ofte gjórde
Bloutast Blómster-Seing
'pum me"
Heimreise fraa
Sætern
|
|
|
Lyrikk
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Dølevisene:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Sæter-Reise
Heimreise fraa Sætern
Førkja aat Guté
Færmæinn
Huldré aa'n Eilland
|
Skóg-Møté hass Torgjér
Sjeille
Æilderdómen
Aat Mónkjé
Zinklars Vise
(på dansk)
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Nokre av dei danske dikta Storm skreiv:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Pounchens
Dyder
Ode til mine Urtepotter
Arrig slog Stærkodder Rynker på Næsen
At være glad er det
en Kunst
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Oppvekst
Edvard Storm er ein av dei tidlege
diktarane frå Gudbrandsdalen.
Han vart fødd i august 1749, på prestegarden i Vågå.
Mora, Ingeborg Birgitte Røring, var dotter til skrivaren i Gjerdrum
og andre kona til presten Johan Storm.
Far hans - presten - var bygut. Han kom frå Sagene i Oslo og var son av ein
smed der, - fortel Jon Peder Vestad i avhandlinga "Ord og År".
Johan Storm var godt likt i Vågå.
Ivar Kleiven seier han var ein av dei beste prestane Vågå har hatt. "... ein rett-tenkt og rett-vis
Mann som gjorde Aalvor taa
aa bera Umsorg for
Sokne-Bonom sine."
- eit godt miljø for Edvard i dei
fyrste barneåra.
Ein av grunnane kan òg vera at han kravde lite av kyrkjelyden når det
gjaldt bygningane på prestegarden (det var før i tida ofte vanskeleg å få
endane til å møtest for dei som budde i fjellbygdene, - og skattar og
andre pålegg var ei tung bør for bygdefolket.):
- Ved synsforretninga i
1745, da Storm tok over kallet, viste det seg at husa var temmeleg dårlege,
utbetringa av m.a. grunnmur, tak og vindauge vart rekna til å koste
heile 110 riksdalar.
- Det vart der bestemt at 'allmuen' skulle
sørge for reparasjon av begge bygningane, men det ser ut til at Storm i
stor grad tok seg av desse utgiftene sjølv.
|
|
|

Gamalt postkort. Lånt frå Nasjonalbiblioteket.

Frå Vågå prestegard - i dag på Maihaugen
|
|
Halfdan Halvorsen skriv følgjande om oppveksten til Edvard Storm:
|
|
|
"Det
var ikkje stusslegt i den heimen. Systkini var mange, fâren var
ein kvik og kverv* liten mann, streng i sitt embætte,
men gladvær og lentug* heime; og han song so fagert.
Edvard var liten av vokster, eit barn med stort vit, stillferleg
og stød, framifraa snild, likt av alle.
Sumar og vinter gjekk leiken ute saman med bygdeborni
under det namngjetne Prestberget eller ovanpaa.
Det berget var for honom, som det er for borni til denne dag, "jutuls hus og trolls palads".
Jutulen som der bur er ein kvasslynd* men
godvoren rise, god vagvær*, vyrk* for bygdi, og serleg for prestegarden.
Midt paa veggen, beint imot kyrkja, som ligg paa flòti* nedunder, stend* døri, Jutulporten, høg
og breid, ljosare enn veggen, som skyt lite
lenger fram; rake kvitleggja bjørker stend framanfyre. Døri er attlati* - for det meste i minsto.
Borni, dei modige av deim,
kastar stein paa og ropar: "Jutul, lat upp!" men aa venta og sjaa um han paa det lèt upp, det hev
ikkje dei djervaste mod til. Men upp-lati hev ho
daa vore tvo gongjer som me veit um. Det var daa jutulen kasta smørknoda*
etter kyrkjeklokkorne, fyrste gongen dei lét; og det var den jolenatti - det er no um lag halvtridje hundrad aar sidan
- daa han hadde skytsa* Jehans Blessom fuglevegen* heim fraa
Kjøpenhamn.
- Jau, der var gaman og der var gruv for ei barnesjæl.
Edvard Storm gløymde aldri jutulen og berget. Han skulde sidan faa endaa dyrare minne bundne
til dette berget enn dei fraa barneleiken."
(Kilde: Wikisource som har henta dette
frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal
og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson.
Tridje upplag. Kristiania: Alb.
Cammermeyers Forlag
1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad)
|
- kverv: rask.
- lentug: munter,
skjemtfull.
- vagvær: person frå
Vågå.
- vyrk: umhugsam.
- kvasslynd: snarsint
- flòti: flata
- stend: står
- attlati: stengd
- smørknoda: det ferdigkinna smøret
- skytsa: skyssa,
frakta
- fuglevegen: luftvegen

Vågå kyrkje
(les meir om kyrkja her)
|
|

Jutulporten - sett frå sentrum
|
|
Alt som tolvåring vart Edvard sendt
til Oslo. Der var han elev ved Katedralskulen i tre år.
Han gjorde det bra her, og etterpå
gjekk ferda til Danmark .
Han tok "Examen artium"* ved universitetet i København, - men etter berre
eitt år måtte Edvard reise attende til Norge og Vågå, anten det no var på
grunn av sviktande helse eller pengemangel.
Dei tre åra frå 1766-1769 var han
såleis attende i Gudbrandsdalen. Han var da i slutten av tenåra.
Eit halvår arbeidde han som huslærar hos presten på Lesja, - og elles var
han i heimbygda lærar for to kameratar - som begge seinare vart
skulemeistrar, fortel Vestad.
Den eine av desse var 17-åringen Jacob Danielsen, tenestegut i
prestegarden, seinare både skulemeister og klokkar.
Jakob og Edvard held lenge kontakten.
(Det siste brevet ein kjenner til var
frå 1777, åtte år etter at Storm drog frå Norge.*)
Det var på denne tida (1769) han tok
til å skrive ned ord og uttrykk frå Vågå-målet. (meir om ordsamlinga seinare). Sume meiner og at han byrja skrive
dølevisene, medan andre hevder i det minste nokre av dei vart til i dei
fyrste åra han gjekk i København og lengta heim til Vågå.
|
* (Først frå 1796 vart det mogleg å ta
examen artium, - på den tid
universitetets førsteeksamen - ved
Katedralskulen i Oslo)
* (Dansk biografisk Lexicon s.467 1902)
|
|
|
|

|
|
|
|
Tida i Danmark
I 1769 (juli) reiste han på nytt til København, - denne
gong for godt - han kom ikkje attende til Norge meir.
Avreisa fall nok ikkje lett for han. Halfdan
Halvorsen fortel:
|
|
|
Her paa Vaagaa hadde han og, den unge Edvard, si fyrste
kjærleiks-soga; ho vart visst hans siste og. Gjenta heitte Ragnhild Hamar,
og var fraa ein liten gard paa
Lalm. Ho var ei myrkhærd, blaaøygd,
rundleitt, væn gjenta, blid og stillferleg, som Edvard sjølv. Edvard hugsa ikkje paa at han var presteson og preste-emne, og ho berre bondegjenta, og dei tykte dei var eit "hjonslegt par" - som dei og var. Men gamle Johan
Storm hadde ei onnor meining, og ein dag gav han
guten, som trudde alt var halde so vel dult, ein kald straale
- Edvard hev sjølv fortalt det til Knud L. Rahbek:
- "Kom, Edvard," sa fâren, og peika paa ein hane som gjekk og gjorde seg til, "kom og se hvor forlibt
den er; der fattes intet
andet end at den skulde gjøre
vers."
|
|
|
|
|
Den fyrste tida i København gjekk det
heller trått med Edvard.
Heimlengt, lite pengar og sjukdom var nokre av grunnane.
Han skulle bli prest, men fullførte ikkje utdanninga si. Noko skuld i dette
hadde vel dei tronge økonomiske kåra, men dei litterære interessene drog
han òg bort frå embetsstudiet.
Han vart heller ikkje ein del av det skrivande norske fellesskapet knytta til "Det Norske Selskab", krinsen
rundt m.a. Johan Herman Wessel.
I staden meldte han seg inn i den danske "Drejers
Klub" (han såg opp til den populære danske
diktaren Ewald).
|
|
|
|
|
|
|

|
Johannes
Ewald (1743-1781)
(i Wikipedia kan du lesa meir
om denne diktaren.)
Bildet er lånt frå den danske utgåva av Wikipedia
|
|
|
I fleire år sleit Edvard med dårleg
økonomi - og breva fortel om korleis han
"midt
i et kjøbenhavnsk Vintersøle, kunde drømme om en
frisk
norsk Vinter med ringlende Slædebjæller i susende
Fart over
den hvide Sneflade. Og
hans Barndomsegns Bygdemaal, det
Maal, hvorpaa hans
Ragnhild havde talt til ham, hvor underlig
dragende kunde det ikke endnu klinge i hans Ører.
Saa skrev han 9 Sange paa norsk Bygdemaal,
rimeligvis i
Begyndelsen af 70erne.
Disse Sange have ikke blot det mærkelige
ved sig, at de ere de første i deres Art, paa en vis Maade den første
Spire til den norske Litteratur paa Maalet, men de ere i sig selv
det bedste, S. har skrevet; der er over dem en Naturlighed og
Friskhed, som intet af S.s Digte paa
Dansk ejer. Flere af
dem
fik saa langt et Liv paa
den norske Bondestands Læber, at de
synges den Dag i Dag. Dansk
biografisk Lexikon (1902)
|
|
|
- og Olav Solberg skriv i
"Hyrdedikting på norsk? Edvard Storms lyriske dikting":
"Sett frå København blir
Gudbrandsdalen og heile Norge ein
huldreheim, stengd for alltid for Edvard Storm, men dit ryttaren
rir kvar einaste natt" (Olav Solberg)
|
|
|
Med "Bræger"
(eit komisk heltedikt) skifta han i 1774 til dansk, og resten av diktinga
hans nyttar dette språket.
Etter kvart betra økonomien seg. «Adskilligt paa Vers» kom i 1775. Han gav det ut under psevdonymet
'Erland Sivertsen'.
I 1778 kom «Indfødsretten» - for dette diktet
fekk han ei årleg heidersgåve på 100 Rdl. frå Kongens Kasse og like mykje
frå Arveprinsen (desse summane varierte visstnok likevel noko i dei
følgjande åra). Same året gav han ut «Fabler og Fortællinger i den Gellertske
Smag»
I 1785 rundar han så av med
"Samlede Digte" og etter dette er det
meir og meir skulevesen og utdanning som opptek han.
Storm delte
"...
Datidens gængse Opfattelse:
at det var en Digters
Opgave, ikke just at udsynge
det i hans Sjæl, som trængte
paa
for at finde Udtryk,
men at stræbe efter at udfylde
tomme
Rubrikker i Tidens poetiske Litteratur. Imellem S.s samlede Digte
finde vi da ogsaa Læredigte, Oder, Satirer, historiske Romancer,
Selskabssange, Drikkeviser og aandelige
Sange. Det allermeste af
dette er uden poetisk Værdi
og ogsaa uden
litteraturhistorisk
Betydning. Af hans aandelige
Sange bleve 10 optagne i
«Evangeliskkristelig Salmebog», men kun et Par af dem slap ind i Roskilde
Konvents Salmebog, og ingen af
dem er mere i levende Brug.
Af hans øvrige Digtning
har kun én Sang beholdt Livskraft i sig
til vore Dage: «Zinklars Vise» (den stammer vist
fra Slutningen
af 1781)." Dansk biografisk Lexikon
(1902)
|
|
|
Utdrag frå eit brev til Vågå i juli 1777
|
|
|
Edvard gjekk nok stadig med tankar om
ein tur heim til Vågå, og han skriv følgjande i eit brev til syster si 11.
juli 1777 (- Ho var gift med Peter Munch som var sokneprest i Vågå på den
tida):
|

|
|
|
Han sende henne òg nytt om kva som var på moten i København:
|

|
|
|
I pakka la han vidare med noteark til
henne:
|

|
|
|
Om helsa si seier han:
|

|
|
|
|
|
|
|
Skulereformatoren Edvard
Storm
Den siste del av livet tok interessene for skule
og utdanning som sagt det meste av tida og arbeidskrafta hans. I 1786 stifta Storm saman med nokre
andre «Selskabet for Efterslægten».
Dei ville mellom anna arbeide for å få til ein "Realskole for Børn", der skulle det òg om ettermiddagen haldast
forelesningar for andre unge menneske om populære vitskaplege emner.
Før denne realskulen kom i gang las Storm fire timar i veka over «Leveklogskab», Geografi, dansk Sproglære
og Græsk og nordisk Mythologi.
Ein av elevane hans var den unge Adam Oehlenschläger. ("Nordens
dikterkonge")
Dei første åra arbeidde Storm utan
løn, men i 1790 vart han tilsett som ein slags overinspektør og fekk gratis
bustad ved skulen. Sentrale fag var morsmålet (dansk), historie, nyare
språk og naturfaga.
Undervisninga skulle foregå på ein human,
pedagogisk måte, utan det gamle "Pryglesystem".
Det var gjennom dette arbeidet han
skapte seg eit namn i dansk historie, og det er for dette arbeidet han vert
hugsa i Danmark i dag, ikkje for den danske delen av diktinga si.
Ein artikkel om han ved Kulturcentret Assistens har denne overskrifta:
"Oprøret, der ændrede den
kirkestyrede skole til en folkeskole, blev anført af
en fredens mand, Edvard Storm."
(les meir om Storm her)
Edvard Storm var eit snilt menneske
med omsut for mange av dei han møtte på livsvegen. Han hjelpte som
tidlegare fortalt fleire av kameratane sine i heimbygda med utdanning og
bøker (i bygdeboka for Vågå og Sel fortel Ivar Teigum
at han sende ei heil boksamling til Jacob Danielsen, mellom anna med verk
av Holberg).
I København tok han seg av fleire.
Lars Jørgensen, ein fattig foreldrelaus skomakarson, hjelpte han gjennom
fleire år, til han kunne klare seg sjølv, - og noko seinare tok han seg av
ein farlaus bondegut, Poul Rasmussen. Begge dei siste tok attåt
mellomnamnet Edvard, (etter Edvard Storm).
Lars Jørgensen vart ein velsett kjøpmann i Kongsberg og Poul E. Rasmussen
ein kjend komponist i Danmark (ifølgje
Dansk biografisk Lexikon (1902).
I 1790 vart han beden om å bli med i
ein "salmebogkommisjon" som skulle
arbeide fram ei ny salmebok. - Og sommaren 1794 vart han utnemnd til å vera
ein av direktørane for det kongelege Theater i København, - men plaga
som han lenge hadde vore av dårleg helse gjekk det etter dette berre ein
månad før han døydde (29. sept.).
|
|
|
|
|
Dialekt-ordsamlinga
Originalmanuskriptet finns i Videnskabs-selskabet i København.
Ved universitetsbiblioteket i Oslo har dei ein fotostatkopi som mange
stader ikkje er så lett å tyde, - men Hans Midtbøe
og Randi Kleiven Bjørkvik har båe arbeidd med originalteksten, og
dei meiner (ifølgje Vestad) at Storm må ha skrive ned dei fleste orda på
1770-talet
Det ser ut til at Storm si ordsamling
tok til rundt 1769, like før han reiste til Danmark andre gongen. Han har
så halde fram med arbeidet i dei første åra i København, - og da Hjorthøy i 1785 gav ut boka si om Gudbrandsdalen der
ordsamlinga til presten Paul Dybdahl er med, supplerte Storm ordlista si
med ord frå denne (sjå Vestad s. 17).
Heile samlinga inneheld rundt 1500
oppslagsord, omlag 60 prosent er substantiv, vel 20 prosent verb, 15
prosent adjektiv - og resten høyrer til dei andre ordklassene (Vestad).
|
|
|
|

Utsnitt frå dialekt-ordsamlinga
(kopien i Oslo)
|
|
Jon Peder Vestad: Ord og år
Vestad har i hovudoppgåva si teke for
seg adjektiv frå ord-samlinga til Storm. Han seier sjølv:
"Med denne oppgåva vil eg
undersøke kva som har skjedd med dei adjektiva og perfektum partisippa
Edvard Storm har med i ordsamlinga si. Samstundes vil eg gjera adjektiva
han skreiv ned tilgjengeleg for lesarar i dag. Materialet byggjer på
intervju av 45 heimelsfolk fordelt på tre generasjonar, og informantane er
alle busette i Vågå ..."
Eg tek her med eit døme frå arbeidet
hans.
Hal-nugjin -- Haardfør
...
a) vanskeleg, trevaleg, slitsam
b) hardtydd; grisk
c) uthaldande, hardbalen; flink, sterk
I 1994 er Hal-nugjin brukt av to tredelar (66%) av
heimelsfolka, men utsiktene for ordet vert av Vestad vurdert til å vera ein
mellomting mellom 'dårleg' og 'brukbar'.
"Fire av dei som kjenner
ordet i gruppa med dei yngste heimelsfolka, er gutar. Ein gut og ei jente bruker
ordet. Tyding a) er den dominerande, og b) og c) er båe nemnde av om lag
like mange." (Vestad, s105)
Hovudoppgåva til Vestad inneheld i det
heile mykje interessant stoff. Eg hadde
gjerne sett at han hadde gjort det tilgjengeleg
på nettet. :-)
|
|
|
|

Linerla
er ein vanleg gjest ved setrene i fjellbandet i Nord-Gudbrandsdalen
"Æille
Fugle læt se høyre,
Tiur sit paa Furu-Kvist,
Kaar som kjeinné att
sin Maakaa,
Syng mæ Hógna: Takk for
sist!"
Sæter-Reise
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ei omtrentleg tidsline
for
Edvard Storm
|
Litt om verda
på den tida Edvard
Storm levde
|
|
|
1749
|
Edvard Storm vart fødd i prestegarden i Vågå
(21 august)
|
■ - I 1754 døydde Ludvig Holberg.
■ - I 'sjuårskrigen' 1756-63 kjempa England og Frankrike om
kven som skulle bli den store kolonimakta i verda. Med siger her la England
noko av grunnlaget for koloniriket sitt, - sjølv om dei gjennom den
amerikanske fridomskrigen nokre år seinare (1775-83) mista store område i
Nord-Amerika.
■ - I Europas musikkliv møter vi Mozart (1756-1791),
■ - Edvard Storm reiste frå Vågå til Oslo fyrste gongen
omtrent på den tida ein tok til å dyrke poteter her til lands
- rundt 1760. Denne C-vitaminkjelda gjorde sitt til at skjørbuk, ein heller
vanleg sjukdom og på landsbygda, forsvann (- utan at folk eigentleg skjønte
kvifor).
■ - I 1769, da Storm reiste til Danmark for andre gong,
patenterte James Watt ein forbetra versjon av dampmaskina i
England - og med det var den industrielle revolusjon i full gong.
■ - James Cook oppdaga Australia (1770) medan Edvard
skreiv 'Dølevisene'.
■ - I 1789, eit par år etter at Storm tok til som styrar for
"Efterslegtselskabets Skole",
herja Storofsen Gudbrandsdalen og Vågå,
■ - Same året storma franskmennene Bastillen, og den
franske revolusjonen starta - fridom, likskap og brorskap.
■ - og i 1799 fann ein Rosettasteinen
i Egypt - nøkkelen til forståing av hieroglyfane.
|
|
|
1761-65
|
Elev ved katedralskulen i Oslo
|
|
|
1765-66
|
Student i København
|
|
|
1766-69
|
Opphald i Vågå og huslærar i
Lesja
|
|
|
1769
|
Tilbake til København
(juli)
|
|
|
|
1770?
|
"Døleviser" (det er mogleg at
han byrja med visene alt medan han var heime i Vågå i 1768-69)
|
|
|
1778
|
Med „Indfødsretten i
fire Sange“
vann Storm ei konkurranse der
m.a. den kjende diktaren Johs. Ewald deltok. Med dette vart
han kjend som diktar og
tildelt ei årleg heidersgåve.
|
|
|
1780
|
Årleg heidersgåve på 100 riks-
dalar (varierte noko) frå kongen, Christian VII si private kasse
("Partikulærkassen")
|
|
|
1786-94
|
Bestyrer for "Efterslægtselska-
bets Skole"
|
|
|
1794
|
┼(29 september) berre 45 år gamal
|
|
|
|
|
|
|
|
|

Takk til Norddalsarkivet i Vågå for lån av
bildet frå Storm si grav i København
(Foto: Erland Grev 1975)

Ei omsetting av den latinske
innskrifta på gravsteinen til Edvard Storm
Norddalsarkivet i Vågå
|
|
|
|
|
|
|
|
Kjelder:
- Edvard Storm Døla-viser (Red: Torgeir Mageli saman med ei
arbeidsgruppe samansett av Erland Grev, Ola Grøsland og Hans H. Holen
- Dølaringen Boklag 1994)
(For den norske delen av Storms dikting er denne boka det sentrale
verket.)
- Jon Peder Vestad: "Ord og År" Adjektiv frå
1700-talet hos tre generasjonar vagværar i 1990-åra
(hovudoppgåve ved Universitetet i Oslo - Institutt for nordistikk og
litteraturvitskap - Hausten 1994)
- Jon Peder Vestad: Ord og ordoverleving i
vågåmålet
- Dansk biografisk Lexicon XVI Bind (Projekt Runeberg)
- Edvard Storm Dølevisor,
utgjevne av Halfdan Halvorsen med teikningar av Kristen Holbø
- (Sjå www.maihaugen.no - (Prestegarden fra Vågå)
- Halfdan Halvorsen: Kjelda er Wikisource, som har henta
dette frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal
ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag.
Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad)
- Aasentunet: Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og
opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. ... Ivar
Aasen-tunet inneheld m.a. store boksamlingar, utstillingar, og
ein butikk med mange godbitar.
- Årbok for Gudbrandsdalen, 1950 s.191ff
- Kulturcentret Assistens "Oprøret,
der ændrede den kirkestyrede skole til en
folkeskole, blev anført af en fredens mand, Edvard Storm.
- Kalliope Adam Oehlenschläger (1779-1850) og Edvard
Storm
- Norddalsarkivet
i Vågå
- Olav Solberg: Hyrdedikting
på norsk? Edvard Storms lyriske dikting. Nordlit nr 11 Universitetet i Tromsø
Dersom
du finn feil i teksten - eller har utfyllande
informasjon kan du sende ei melding hit
|
|
|

Takk til Ola Grøsland, og Gudmund Harildstad for
hjelp med å finne stoff til denne artikkelen.
Her spelar Ola Grøsland opp til festleg samvær på Klones i juni 2005
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|