Kvitskriuprestein
 i Uldalen
 


www.otta2000.com 
               

 
  Mellom kyrkja  og den gamle brua på Selsverket tek vegen opp til Uldalen av. Dette er og den gamle bilvegen til Mysuseter. 
 

 

  

  
 

Like ved dammen står dette skiltet. 
 

 
 

Vel to og ein halv kilometer forbi bommen ved Uladammen (20 kr i mai 03) ser du Kvitskriuprestein oppe i dalsida.

 

   
Jordpyramidane i Uldalen, Kvitskriuprestene eller Kvitskriuprestein som dei vert kalla, er eit naturfenomen vi ikkje finn mange stader i verda.  I Nord-Europa har ein slike berre her i Uldalen og enkelte andre sidedalar til Gudbrandsdalen 

Nokre av føresetnadene for at slike pyramidar skal kunne oppstå:
Gamal morenegrunn med ei blanding av leire og steinblokker 
i ei bratt dalside.
Klimaområde med lite nedbør - som helst kjem som korte regnskurer.
Slike pyramidar finn ein her i Uldalen og nokre andre stader i nærleiken, 
- mellom anna  i "Rudigjelet" på Dovre,
- mest kjende er nok likevel dei i Uldalen
.  

Morenemassen her skriv seg frå ei av istidene og er vel slik minst 9000 år gamal.
Denne lyse massen er fast og hard når han er turr, men regnskurer vil kunne spyle vekk det som ikkje er dekt av ein litt større stein. Etter som tida går vil det slik kunne danne seg fleire meter høge 'pyramidar'.

Sjølve erosjonsprosessen går føre seg heile tida, - dei fremste og eldste "prestane" vil med tida forsvinne, dei velter eller eroderer, samtidig som nye vert danna lenger inn mot dalsida.  
Etter kvart som regnskurer vaskar ut leira, - vil dei stadene som er dekte av flate steinheller bli ståande att som toppar. Gunstig er det dersom 'hatten' skrår litt mot dalen, - da vil vatnet renne av på nedsida og ikkje grave så mykje på øvre sida av pyramiden.

Dei høgste 'prestane' er omlag 6 meter, - og det vert hevda at dei vi ser i dag er ein stad mellom 100 og 200 år gamle.

Namnet kjem vel av at desse pyramidane kan likne litt på prestar med kappe og krage.


'Kvitskriuprestin Naturområde' på 34 dekar vart freda ved ein kongeleg resolusjon den 24 juni i 1977. Området går frå 470 til 715 meter over havet og vert forvalta av Fylkesmannen i Oppland (Miljøvernavdelinga)

Dei viktigaste reglane frå Fylkesmannen i samband med fredinga:

Hald deg på stigen under besøket. Gå ikkje ned i sjølve søyleområdet.
Det er strengt forbode å kaste ting mot søylene. 
Alle inngrep som direkte eller indirekte kan skade jordsøylene er forbode.
Forsøpling er ikkje tillate.

 

I Nord-Europa er jordpyramidane i Uldalen eineståande, men det finns fleire slike naturfenomen i Sør-Europa, - mellom anna i Alpane, i Pyreneane og rundt byen Melnik i Romania. 

Nokre av søylene i Segonzano i Dolomitene er opptil 20 meter høge. I følgje ei lokal legende skal desse ein gong ha vore ei gruppe av troll som vart skapte om til stein som straff fordi dei hadde vore uforsiktige.
Foto frå jordpyramidane i Segonzano 1.
Foto frå jordpyramidane i Segonzano 2.
Foto frå jordpyramidane i Segonzano 3.

Ein fleire meter høg 'kopi' av dei største jordpyramidane i Nord-Europa står i Otta sentrum, like ved høgbrua.

 

         

 

I Skåbu har ein eit liknande fenomen, men desse pyramidane mangler stort sett dei 
karakteristiske steinhattane og forvitrer difor snøggare.  

               

 

Bedrifter 

Kommunikasjon (Buss/Tog etc.)

Sport/Idrett/Foreninger/Lag

Forretninger

Reiseliv/Turisme

Stat/Fylke

Helsetjeneste/Legekontor

Sel Kommune

Utenlandske sider 

Hjemmesider

Skoler/Undervisning

Diverse (art. etc.)

 

 

www.norwegen1.com
www.links4students.com
www.grancanaria2000.com
www.otta2000.com
  
www.grytting.com

 

(Dette nettstedet har ikke ansvar for innholdet på de sidene det lenkes til)

© 

Start