 |
|
|
|
|
|

|
|
 |
 |
 |
|
|
- og litt til

|
|
www.otta2000.com
Web: Geir Neverdal
(Sist oppdatert:
01.04.2009) |
 |
|
|
|
|
|
|
|
|

|
| |
|
|
|
|
|
| |
|
Edvard
Storm
Dei fyrste støttene (Austlid)
Dei fyrste støttene (Angell)
Dei fyrste
støttene (Bloch)
Klebersteinstøtta frå1826/27
Henrik Wergeland
|
Støtta frå 1912
Kristen Holbø
Skotsk minnesmerke
(1999)
Kjelder
|
|
|
Edvard
Storm
I
Zinklarvisa til
Storm heiter det i siste verset:
"End kneiser en Støtte
paa samme Sted, Som Norrigs Uvenner mon true. Vee hver en Nordmand, som ei bliver heed, Saa tidt hans Øine den skue! "
Denne visa skreiv han i slutten av 1781, omlag 170 år etter slaget
i
Kringom
(ifølgje
Dansk biografisk
Lexicon XVI Bind)
Kva slag støtte det var, seier ikkje visa noko om.
(Storm budde på denne tida i København og det var over 10 år sidan
han hadde vore heime i Norge.)
Dei fyrste støttene (Austlid)
Andreas Austlid fortel i boka si (vel 100 år
seinare) at det vart reist ein endefram
trekross
i Kringom, der Sinklar fall ...
"... Men i 1773
( - Dette er vel ein trykkfeil, årstalet skal
vera 1733) skulle kong
Kristian VI gjera ei ferd til Trondheim. Han fór opp etter
Gudbrandsdalen. Då var det ein som gjorde ei stor tavle og
spikra fast på krossen, og så skreiv han på tavla:"
"Mod,
troskab, tapperhed og hvad der giver ære, den hele verden kand blandt norske klipper lære En prøve er der seet af saadan tapperhed blandt klipperne i nord, ret just paa dette sted; er et helt bevæbnet corps af nogle hundred skotter her bleve knusede fast liksom lerpotter; de fandt, at tapperhed med troskab og med mod i gudbrandsdølens brøst i fulde esse stod.
Jørgen von
Sinklar som skottenes anfører, han tænkte ved sig selv, mig her slet ingen rører; men se, et lidet tal av bønder for ham var,
som hannem dødens bud av krud og kugler bar. - Vor nordiske monark, kong Kristian den sette, til ære paa hans vei vi have opsat dette. For ham vi rede er at vove blod og liv, indtil vor aand gaar ud og kroppen lægges stiv."
|
|
|
|
|
|
|
|
Denne tretavla fekk ein brå ende, dersom det Austlid fortel er sant.
"Den tavla hekk der og
brikte ei lang tid.
Så kom ein engelskmann farande og fekk sjå henne. Han drog opp
pistolen og sette nokre kuler i henne så ho klovna. No er både
krossen og tavla borte."
Dei fyrste støttene (Angell)
H. Angell seier derimot i si bok "Skotteferdi
eit 300 Aars Minne" (1912) at det i lang tid stod ei
steinstøtte
i sjølve Kringom, i Sinclairsdokka - med følgjande innskrift:
"Her blev Oberste Georg
Sinclar skudt dend 26 Augusti Anno 1612"
Han
fortel vidare:
"I 1733 drog Kristian
VI gjenom dalen, og daa vart det sett ei ny stytta. Det var ein
trekross med ei tretavla paa og eit langt og kjent dikt"
(sjå diktet hos Austlid
høgre opp på sida - med nokre mindre variasjonar i teksten)
...
Angell var nok ikkje vidare imponert av dette diktet. Han held fram:
"... Jamvel um dei tvo
fyrste linorne er av sjølve bisp Kingo, jamvel um dei tvo
linorne vart sette paa "kongens reisedalere" og soleis spreide
vida omkring - det hjelp ikkje alt saman, det er ingen skade, at
tavla no er burte."
|
|
|

"Kringen i Gudbrandsdalen"
- av Joachim Christian Geelmuyden
Gyldenkrantz Frich
Maleri av
Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz
Frich (1810-1858).
Frich reiste i Gudbrandsdalen i 1845. På denne tida var
klebersteinstøtta som er vist øverst på sida alt sett
opp i Kringen, noko maleriet ikkje viser.
Støtta på dette maleriet minner meir om den trestøtta
Bloch nemner (sjå nedanfor)
Ei mogleg forklaring kan ligge i det
Ingeborg Ydstie (leiar for Munchmuseet) seier i
artikkelen om Frich i Norsk Biografisk Leksikon:
"Det omfattende studiematerialet han skaffet seg på sine
årvisse reiser i Sør-Norge, gav ham et rikt og variert
grunnlag for å bli en av de flittigste bidragsyterne til
Chr. Tønsbergs populære litografiske verk Norge
fremstillet i Tegninger (1846–48).
En del av disse skissene har
riktignok vist seg å være basert på franskmannen August
Meyers bilder."
Han kan altså ha lagt eldre skisser/maleri til grunn for
sin versjon.
Ydstie nemner òg: "Joachim Frich
spilte en betydelig rolle i 1840- og 1850-årenes norske
kunstliv, ikke minst fordi han hørte til det fåtall
kunstnere som var bosatt i hjemlandet. De seks
dekorative arbeidene som han malte for spisesalen i
lystslottet Oscarshall på Bygdøy, regnes som hans
hovedverk."
Maleriet er å sjå i
Sinclair-samlinga
"Skottetoget 1612" hos Jon Selfors i
Vertshuset
Sinclair på Kvam.
Takk til Jon
Selfors for lån av bildet.
|
|
Dei fyrste støttene (Bloch)
Niels Hofman Sevel Bloch reiste gjennom
Gudbrandsdalen i 1806. Han skriv i boka si "Reise-iagttagelser
eller Udtog af en dagbog holden paa en reise fra Trondhjem til
Christiania i aaret 1806":
"Paa en Træstøtte under
en tyk den beskyggende Birk (hvilken Prospect findes temmelig
rigtig tegnet i Vignetten foran sal. Edvard Storms Digte),
findes den bekjendte Inskription:
Mod,
Troskap, Tapperhed, og hvad der giver Ære, den hele Verden kan blant norske Klipper Lære
(+nokre liner frå
Storms dikt)
Neden under stod:
reparert 1802. En synderlig Ting er det, med hensyn til en Træstøttes liden
Varighed, at dette Mindesmærke er ikke bekostet af norsk Marmor
eller Sandsteen af nogle af de formuede Embedsmænd eller
Godseiere her i Dalen !- men at de havde overladt Æren af denne
Støttes Oprettelse til Almuen. Skulde det, fristes man maaskee
til at spørge, ikke være en rig Patriot endog uden for Dalen
værdigt, at forevige ved en smagfuld Marmorstøtte paa dette
Sted, en saa vigtig Tildragelse ?"
(Sitatet er henta frå
Kvam Historiske Forening si avskrift)
Bloch var ikkje den einaste på denne tida (rundt 1800), som
ville ha eit betre minnesmerke, - og etter nokre år ser det ut til
at dette ønsket vart stetta:
|
|
|

Dette kortet er vel laga ein gong mellom 1855,
da "nyvegen" vart bygd gjennom Kringen - og
1912 da den nye Kringenstøtta til Kristen Holbø vart sett opp.
Takk til
Norddalsarkivet
i Vågå for lån av bildet.
|
|
Klebersteinstøtta frå 1826/27
Den
nest siste støtta, klebersteinstøtta på bildet ovanfor, skriv seg
etter det Angell fortel frå fyrste del av 1800-talet.
"I
1827
sette ein gudbrandsdøl
(Kven?)
ei klebersteinstytte ved garden Søre-Kringelen eller "Plassen". Heilt til 1838 stod steinen utan innskrift.
I 50-aarom vart vegen umlagd, og daa flutte dei steinen ned til
nyvegen."
"Der stend skrive:
Erindring
om Bøndernes Tapperhed
1612"
Thomas
Michell skriv (i 1886) at ein
privatperson sette opp ei klebersteinstøtte i
1826
i Kringen:
"Yet
another post in commemoration of the battle was set up by a
private individual in the year
1826,
a little to the north of Kringlen, at the farm of Pladsen or
Söndre (South) Kringlen. It is almost five feet high, of
soapstone, and in the form of an obelisk surmounted by a ball."
Han
meiner altså at dette skjedde eit år tidlegare enn det Angell
fortel. I boka si har han òg følgjande illustrasjon av støtta (frå 1886?).
|
|
|

Illustrasjon frå Thomas
Michell: History of the Sottish Expedition to Norway
in 1612
|
|
Kven reiste støtta?
Henrik Wergeland nemner i ein tekst frå
juli 1842 "Storthings-manden,
Gudbrandsdølen Ole Haagenstad":
"...
Tolstadæten ... hvortil Ole Haagenstad ogsaa hører. Det
var Mænd af den, som grov Graven ved Kringen.
Ole har sat en Støtte der
(mi utheving);
men han har selv været en Støtte for Norges Nutid ..."
Var det
Haagenstad som fekk sett opp klebersteinstøtta i 1826/1827? Kven
laga i så fall dette minnesmerket? - og - dersom Angell har rett i
at støtta sto utan innskrift i elleve år - kvifor tok det så
lang tid? Var det usemje om kva som skulle stå der - eller var det
andre grunnar?
Haagenstad var i alle høve ein velståande mann etter den tids mål.
Wergeland seier det slik:
"Foruden
det betydelige, velopdyrkede Haagen- stad og Gaardene Rottem og Mittre Raastad, samt et Par mindre Brug i Vaage, hvorpaa alt han intet skylder, besidder han en kontant udestaaende Formue af vel over et halvt Snees tusinde Daler, og er saaledes efter Tidernes Omstændighed udentvivl Gudbrandsdalens rigeste Mand."
Han møtte
òg som "Odelsthingsmedlem paa det første overordentlige Storthing i
1814". - og vart deretter vald inn gong på gong til Stortinget
(sjølv om han to gonger nytta seg av retten sin til å nekte attval). Han var såleis ein respektert mann i amtet. Wergeland gjev han òg mykje av æra for to tidlege vegstykke i
Nord-Gudbrandsdalen - Slådalsvegen mellom Vågå og Lesja - og vegen
over Vågårusta mellom Sel og Vågå:
" ... ved
Haagenstads Virksomhed gaaer der nu en velbanet Kjørevei fra
Laurgaard i Gudbrandsdalens Hoveddalstrøg over Rustens
Skraaninger til Sveen i Vaages Kirkbygd, og ligeledes en over Slaadalsfjeldet 3 Mile til Lessja, hvorved den vigtige Forbindelse er aabnet med Romsdalen og Havet baade for Vaage og Lomb"

Denne teikninga av L. Skramstad
(1855-1912)
kjøpte
eg på eit antikvariat i Bergen.
(Ho er henta frå ei bok, - trykt tekst
på andre sida av arket skin igjennom.)
Under teikninga har nokon skrive årstalet 1873. Om dette årstalet gjeld
boka eller teikninga (eller noko anna) veit eg ikkje, men Ludvig Skramstad gjorde i følgje
nettstaden www.skramstad.no studiereiser gjennom
Gudbrandsdalen i åra 1874 og 1875 og kan ha laga illustrasjonen da.
Kvifor ville ein ha
ei ny støtte i 1912?
Nasjonalitetskjensla kravde vel sitt. 300-årsfeiringa av slaget ved
Kringen fall nokre få år etter unionsoppløysinga i 1905, og ein
kjende vel ein trong til eit større og meir imponerande minnesmerke
enn det gamle - som hadde vorte noko ille medfare.
Tagging
er ikkje noko nytt, slikt kunne vera eit problem før i tida òg:
"Raa
menneskjor hev skjemt steinen. Dei hev skore sine tome daamlause
namn inn i det blaute grjotet."
(H. Angell)

... dette
var nemnt som éin av grunnane til at ein ville ha eit "nytt og
verdugt minnesmerke" i 1912.
I dag
står den gamle støtta ovanfor vegen (E6), eit par hundre meter nord for Holbø si
støtte.
Kula på toppen er no borte.
|
|
|
Thomas
Michell har i boka si frå 1886 ein
illustrasjon som viser omlag kvar plasseringa var:
|
|
|

Her er støtta teikna inn (D).
170 fot over elva er òg tømmer- og steinvelta teikna inn (C).
Tømmervelta var ikkje nemnt i dei første tekstene som fortel om hendingane i
Kringen i
1612, og det er i dag tvil om ho i det heile har
eksistert. (Sjå Bondevik
s.38ff)
|
|
|
|
|
Støtta
frå 1912 - 300-års markeringa
|
|
| |
Til
jubileet i 1912 gjekk gudbrandsdøler i Norge og utflytta døler i
Amerika saman om å reise eit nytt minnesmerke.
Ola Tamburstuen fortel m. a. at monumentet kosta 2250 kroner. I
tillegg kom 400 kroner til kunstnaren Kristen
Holbø frå Vågå som fekk i oppdrag å lage den nye kringenstøtta.
Ved
avdukinga var Kong Håkon og mykje anna kjent folk til stade.
|
Pengehjelpa frå døler i Amerika
I 1909 (12. sept.) slo Fargo-laget i Nord-Dakota og Kringen-laget i
Wisconsin seg saman til Gudbrandsdalslaget i Amerika. Pastor Lars P.
Thorkveen var den fyrste presidenten - og ei av dei fyrste oppgåvene vart å
samle inn 200 dollar til reisinga av Pillar-Guristøtta ved Kringen i Sel.
Thorkveen og 29 av medlemene reiste over for å vera til stade ved avdukinga
i 1912.
(Edna og Georg Gilbertson "Bygdelag i Amerika"
(omsett av Per Åsmundstad) i Årbok for
Gudbrandsdalen 1982, s.108)
|
|
| |
Kong Håkon og Trond Eklestuen i Kringen 1912
Erland Grev nemner i artikkelen sin om Trond Eklestuen ei litt
pussig hending i samband med avdukinga:
"Der noko serleg gjekk
for seg møtte Trond upp og gjerne fremst. Det va stor stas i
Kringom måta da den nye støtta va avduka i 1912 med frammøte tå
konge og militær. Her va Trond. For å få tak på det heile hadde
han krabba uppå den store steinen som va brukt som talerstol. Og
da kong Håkon heldt avdukingstala sat Trond nemed føtene på om,
sette eine hånde nedpå stein, kjeikte seg atti og såg uppi augom
på om Håkon. Folk kun ettepå fortelje at kongen ei lang stonn
stod på fingrom hass Trond og vart synleg anfekta da han uppdågå
det. Men Trond let seg ikkje merkje med di. Ein konges undersått
laut finne seg ti slikt."
(Årbok
for Gudbrandsdalen 1979, side 21)
(Trond Eklestuen var fødd på ein husmannsplass i Vårdale i Garmo i
1837, † 1916. Han var ein framifrå skyttar og jeger, men er vel mest
kjend som oppkjøpar og samlar av bondeantikvitetar.)
|
|
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
Kristen Holbø
(1869-1953)
Far hans
var frå Sogn og mor hans var gardjente på Holbø i Vågå. Her vart
Kristen fødd og det var meininga han skulle ta over garden, - men
han byrja tidleg å teikne og i tjueårsalderen drog han til Oslo. Han gjekk her på Knut Bergsliens målarskule, fekk vener blant
kunstnarane - mange av dei budde og arbeidde i Vågå sommaren 1894.
(Meir om "Vågåsommeren"
1894 kan du lese i Årbok for Gudbrandsdalen)
I 1894
fekk han òg høyre at ein annan vagvær, Halfdan Halvorsen, ville gje
ut Edvard Storms Døleviser. Han tok da kontakt med Halvorsen og
spurde om han kunne få lage illustrasjonane til dei. Dette fekk den
unge kunstnaren, sjølv om han ikkje hadde gjort noko slikt arbeid
før.
Seinare
vart det opphald i København, fire vintrar på Kristian Zahrtmanns
målarskule, stipend og Paris-opphald, før han i 1905 gifta seg med
Anna Harildstad frå Heidal. Bryllaupsreisa gjekk til Italia og der vart dei verande eit par år
saman med andre målarvener.
Dei neste
fem åra budde han på Holbø i Vågå, men flytta seinare til Fåberg og
Lillehammer.
Fem av
dei åtte maleria av Holbø som heng i Nasjonalgalleriet er måla i
Sjodalen
1 1912
laga han Kringenstøtta.
(Det meste av informasjonen om
Holbø er henta frå Knut Ljøsnes artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen
1954.
|
|
|
 |
|
Skotsk
minnesmerke
1
1999 fekk Pillargurikomiteen sett opp eit skotsk minnesmerke like
ved den gamle klebersteinstøtta. Til stade ved seremonien var
Malcolm Sinclair, Earl of Caithness (Jarlen av Caithness) og Major
Niven Sinclair. Dei sto for avdukinga av steinen.
|
|
|
Kjelder:
Thomas
Michell: History of the Sottish Expedition to
Norway in 1612 (Christiania: T.Bennett,Tourist Agent, 1886) Edvard Storm Døla-viser (Red: Torgeir Mageli - Dølaringen 1994)
Dansk biografisk
Lexicon XVI Bind
Takk
til Ola Tamburstuen for hjelp med stoff til artikkelen.
Andreas
Austlid: Sinklar-Soga (Dølaringen 1962 - fjerde opplaget) (mykje av det han skriv er bygd på det "Ola Kvaale i
Lom og Ivar Blekastad paa Sell" har fortalt han.) H. Angell: Skotteferdi
EIT 300 AARS
MINNE
1912 (andre opplag 1980)
Norddalsarkivet i Vågå
Årbok for Gudbrandsdalen 1954
(m.a. Knut Ljøsne)
Årbok for Gudbrandsdalen 1979, side 21. Erland Grev: Trond Eklestuen Kjell Bondevik: Studiar i norsk segnhistorie
(Aschehoug 1948) Henrik Wergeland - Samlede Skrifter - IV Avhandlinger,
Opplysningsskrifter 3.Bind: 1839-1842
Edna og George Gilbertson
"Bygdelag i Amerika" (omsett av Per Åsmundstad) i Årbok
for Gudbrandsdalen 1982, s.108
Niels Hofman Sevel Bloch:
"Reise-iagttagelser eller Udtog af en dagbog holden paa en reise fra Trondhjem til Christiania i aaret 1806"
(København 1808). Her har eg ikkje tilgang til originalteksten men viser til
ei avskrift av ein liten del av teksten som er lagt ut på nettet av
Kvam Historiske Forening
www.skramstad.no
Norsk Biografisk Leksikon (Joachim Frich)
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
Dersom du
finn feil i teksten, eller har utfyllande informasjon, er eg takksam for
opplysningar om dette. Du kan sende ein e-post ved å klikke på
denne linken.
2006 (G.N.)
(Sist oppdatert:
01.04.2009)
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|