Hovsgardane 1896.
Skjåk Historielag
(Fotograf: Sylfest Vange)
 

Eit samarbeid mellom historielaga i Norddalsregionen

                   
                   
  Etter ei omvising på det nye lokalmedisinske senteret på Otta, vart Sel Historielag kontakta med spørsmål om vi kunne hjelpe til med gamle bilete til utsmykking av pasientromma.  
 

Vi meinte at sidan desse romma skulle vera til nytte for pasientar frå heile Norddalsregionen, burde det òg vera bilete frå heile regionen (ein tanke som først vart lufta av Terje Lindby).

"Det kan vera godt å sjå noko frå si eiga heimbygd når ein for helsa si skuld må opphalde seg ei tid på ein slik stad."

"Det kan vera godt å sjå noko frå si eiga heimbygd - når ein for helsa si skuld må opphalde seg ei tid på ein slik stad."

 
     
  Dette tykte leiinga ved det lokalmedisinske senteret, Vigdis Rotlid Vestad og kommunalsjef i Sel, Kåre Eide var ein god idé og gav oss i oppdrag å plukke ut moglege motiv.

Underskrivne tok da kontakt med dei andre historielaga i regionen:

Lesja
Dovre
Skjåk
Lom
Vågå
Heidal

Laga har vore svært positive til dette samarbeidet - og dei har lagt ned mykje tid i å finne foto i god oppløysing som kunne nyttast.
Kvart lag skulle skaffe fem bilete - alle hadde frie hender med omsyn til motiv.
Underskrivne fekk så desse tilsendt som vedlegg til e-post.
Dei skulle òg ha ein føljetekst med som fortalde litt om kvart foto.


Giax

Etter kvart som dei digitale filene (og følgjetekstane) kom inn vart dei formidla til Giax på Otta som har utstyr for å skrive dei ut på fotopapir i stort format. Kompetansen til Bjørn Jordet var til stor hjelp.
Dei fleste bileta er oppkopierte i 60cm X 80cm - nokre få i 60cm X 100cm.


Tilskjæring på AIT

Utskriftene måtte skjærast til - slik at dei høvde til rammene.
AIT berga oss, med maskiner som skar dei store bileta på millimeteren likt.
 

Innramming - ein flaskehals

Det tok litt tid før innrammingsleverandør vart valt. - Men ei stund før påske ordna det seg ved at ein inngjekk avtale med Nina Lauvstad ved LIZT-Rammeverkstad. Ho løyste oppgåva på ein framifrå måte.

Hittil har vi har vi fått inn, oppkopiert og ramma inn filene frå alle laga på nær eitt. Dei manglande bileta vil bli gjort i stand etter kvart som vi får dei.

Ein stor takk til alle i regionen som har lagt ned tid og arbeid for å få dette til.
 

 
       
 

Den 24. mai  laga vi i samband med overleveringa av dette materialet til lokalmedisinsk senter ei framsyning på storskjerm i auditoriet der - for dei som hadde arbeidd med dette (folk frå historielaga, Giax, innramming, AIT, LMS, regionrådet, kommunen med fleire). Det vart da høve til å sjå dei utvalde bileta frå alle historielaga i storformat med følgjetekst.
Lokalmedisinsk senter følgde opp med ei omvising i senteret og servering av kaffe og biteti for dei same personane etterpå.

 


Bad (pasientrom)

 
     
     
  Nokre av laga har og lagt ut sine bidrag på nettet:  
 

 

 
 

Her kan du sjå Heidal sine foto - og her Vågå sine.

 
     
 
 
     

 

Bjørn Jordet på Giax

 
     

 

Bjørn Engehagen og Hans Jeilen - maskinell tilskjæring på AIT

 
     

 

Innramming på Lizt - Nina Lauvstad

 
     

 

- hos Lizt - ferdig innramma og klare til henting

 
     
 
     
  Takk til:    
       
  Historielaga i regionen
Kontaktinformasjon på Gudbrandsdal Historielag
sine nettsider
   
       
  Giax 
Bjørn Jordet - oppkopiering

 
       
  AIT 
Tilskjæring av bileta

 
       
  LIZT Rammeverkstad
Nina Lauvstad - innramming

 
       
  John’s Glass og Fasade AS
Takk for råd og velvillig hjelp

Skansen 16 C, 2670 OTTA
Tlf: 61 23 07 10, Fax: 61 23 10 52
e-post: johns.bygg@c2i.net

 
       
  Sel kommune
Støtte til oppkopiering og innramming

 
       
       
 
 
 

Web og tekst: Geir Neverdal
www.otta2000.com