Årbok for Gudbrandsdalen 2010
er no i butikkane
 

 

 

www.otta2000.com

 

 

               

                   


Framsida på årboka i 2010 er teke av Anders Beer Wilse og syner lomsjenta
Hanna Sandviken på toppen av Glittertind i rondastakk ein julidag  i 1910.
(Biletet illustrerer ein artikkel av Kirsti Krekling om
bunad som motiv på postkort frå Gudbrandsdalen.)


 

Årbok for Gudbrandsdalen 2010 - Det er mange som kvart år ser fram til dette. Nokre samlar og har skaffa seg ein komplett serie med alle de 78 bøkene - andre nøyer seg med dei seinare utgåvene. Frå pressemeldinga:

Årbok for Gudbrandsdalen er komen med sin 78. årgang. Boka vart starta i 1930 og er utgjeven kvart år sidan bortsett frå dei to siste krigsåra. Årboka i år er av dei tjukkaste gjennom heile boksoga, vel 300 sider med artiklar frå 20 skribentar. Artiklane er frå Fåberg i sør til Lesja og Dovre i nord og vest.

Siste verdskrig er handsama i fleire artiklar i samband med 70-årsminnet for det tyske overfallet på Norge. Det er ein omfattande artikkel om kongeflukta og dei sju-åtte dagane da både kong Haakon, kronprins Olav, statsminister Nygaardsvold og mange frå regjeringa budde på Otta, Vågå og Lesja. ”Da Norge vart styret frå Otta og Vågå,” er tittelen på artikkelen, som i stor grad byggjer på dagboksnotata til oberst Nikolai Ramm Østgaard, kronprins Olavs adjutant.

Arild Teigen har teke for seg dei store krigsskadane i Kvam og legg for første gong fram ei samla oversikt over øydelegginga etter det store slaget dei siste aprildagane i 1940.

Egil Ulateig er ein trufast skribent i boka. Denne gongen tek forfattaren frå Lesja for seg den mystiske industrileiaren Israel Krupp på Hundorp, jøde med kontaktar heilt til topps både i Norge og Israel.
Gaute E. Helland fortel om målaren Gustav Wentzel og familien som flytte til Vågå og Lom og vart ein del av bygdemiljøet. Artikkelen er illustrert med mange av Wentzels mest kjende målarstykke med motiv frå Ottadalen.

Tidlegare førstekonservator Tord Buggeland tek opp eit lite omskrive tema, nemleg dei såkalla kistebreva, fargelagde tyske og danske tresnitt som vart limte fast på innsida av kistelokka. Særleg finst det mange slike på dei store gardane i Nord-Gudbrandsdalen.

Årboka femner om heile Gudbrandsdalen og har som hovudoppgåve å trykke lokalhistoriske artiklar frå heile dalen. Berre i særskilde tilfelle har det vore temabøker, sist ved 50-årsminnet for freden i 1995.

- Vi har mykje og godt stoff liggjande, men det er alltid plass for nytt stoff og nye skribentar, så ta kontakt med idear og artiklar, seier årbokredakør Kristian Hosar, som etterlyser fleire kvinnelege bidragsytarar.
Dølaringen Boklag har kontor på Lillehammer og har akkurat flytt inn i nye lokalar i Kirkegata midt i sentrum.
 

Den innhaldsoversikta over alle tidlegare artiklar som ligg på nettet er til stor hjelp for den som vil finne fram til eldre stoff. 

Les meir om:

Dølaringen Boklag

Gudbrandsdal Historielag

 

 


 

 

Utsikta frå Veta'n i Nord-Fron mot Kvam og Rondane.
 
 
 
 

www.otta2000.com