ved Ivar Teigum

 

 

 

 

 

               

Over 450 sider om perioden 1600-1907  i Vågå, Sel og Heidal.

Sjå heile innhaldslista
 

Band 2 av bygdeboka er no ferdig, og det er eit imponerande arbeid Ivar Teigum her legg fram.  
Dei vel 300 åra utgjer ein spanande bolk av historia vår: - ei utvikling frå  det gamle bondesamfunnet  på 1600-talet fram til eit samfunn meir påverka av storsamfunnet ved byrjinga av det 20. hundreåret der konsekvensane av den industrielle revolusjonen syner seg på ymse vis også her i utkanten av Europa.  
Gruvedrift i Sel, husmannsvesenet, utvandringa til Amerika, framveksten av arbeidarforeiningar, parlamentarismen, - innimellom år med naturkatastrofar og/eller naud,  - bygging av eit skulevesen for alle, ei betring av helsetilhøve og kommunikasjon ... 
Dette er ei interessant tid - og ei viktig tid. - Grunnlaget for mykje av det velstandssamfunnet vi i dag lever i finn vi mot slutten av denne perioden.

Bygdeboka er resultatet av eit samarbeid mellom dei to kommunane Vågå og Sel. Det er særs gledeleg at samarbeidet har vore så fruktbart at dei vil vidareføre prosjektet med fem nye år - med sikte på ei sluttføring av bokserien i 2009.
Norddalsregionen er liten (i folkemengde) - vi treng kvarandre - og alle samarbeidsprosjekt, store eller små, er med på å styrke regionen.

Frå Forordet:
"Sidan 1. august 1999 har Ivar Teigum vore engasjert som forfattar, og ein ny kontrakt er nå skriven for 5 år framover. Forfattaren skal halde fram med å skrive to bøker til, eit band 3 for Vågå, som etter planen skal koma ut på vårparten i 2007, og eit band 4 for Sel og Heidal, som skal vera ferdig i 2009."

 

Sjå heile innhaldslista

Bygdeboknemndene:
Vågå:
Ola Grøsland (leiar)
Ola H. Hanslien
Anne Marie Svare Holand
Svanhild Vigdis Kolden
Hans Olav Øvre
Mathias Øvsteng

Sel:
Kjell Voldheim (leiar)
Hans Formo
Ivar Hanslin
Marie Lise Krukhaug
Pål Prestgard
Marit Stormorken
Guro Vollen



ISBN: 82-993503-2-8 (kpt)
ISBN: 82-993503-4-4 (b2)

Boka er m. a. å få kjøpt hos :

Vågå Handelsforening
(Bokhandelen)

Otta Libris

Notabene
i Ottatunet

 

 

   
  
         

 

 

               

 

 

Innhaldsliste

Del 1: 1600-1800
Vågå Prestegjelds Allmuge
    

1600-1665: Kongens undersåttar
Tingbønder og statsmakt

Lokal elite og lokale tillitsmenn - lensmann og lagrette
Ætt og arv
Den tapande part
Vedlikehald av Sundbrua
Eit samfunn på form som ein pyramide
Nye kyrkjer i Vågå og Sel
Tuktens ris
Barnelærdomen og bilda
Menn og kvinner
Fornying i eit sjølvbevisst samfunn

Gruvedrift i Sel

Vedkøyring for koparverket på Kvikne i Nord-Østerdal
Det gudbrandsdalske bergverket i Sel
Privileg og gruveanlegg - Rusthøa og Selsverket
Norges eldste gruvekart frå 1647
Drifta dei første åra
Handelshuset Marselis tek over
Meistrar, gesellar og knektar - Johannes Barth
Koparverket og bygdene omkring
Lause fuglar og omstreifande tiggarar
Tretten bergmånader i 1664
Vedkøyring som attåtnæring
Namnebyte med gullglans - Gyldenløves Fredriksgave

I skuggen av krig

Overfallet i Kringane i 1612 - og dagen derpå
Gamle avtaler og nye pålegg - eit døme frå Nedre Heidal
Skatte- og avgiftsgrepet blir strammare
Frå "mann av huse" til det waageske Compagnie
Statthaldaren tek imot klagemål og bøneskriv
Losji og innkvartering

Maktbruk og rett

Straffesaker
Eit spørsmål om ære og rang
Johannes Blessom og opprøret i Gudbrandsdalen i 1661

Bygder i forandring
 
1665-1725: Bygder under frostår og krig
Folkeauken held fram

Kor mange menn og kor mykje folk?
Unge folk møter frostår
Folketalet i 1711 - ein skatt på skor
Unntaka - spedbarn, gamle, fattige, vanføre, soldatar, landdragonar
Folketalet - auke eller stagnasjon

Jordbruksbygder

Sjølveigande bønder
Kongens gardar og nybyggjargrender
Jordbruket i Sjårdalen og i Baksida på Lalm
Korndyrking og frostår
Februk og fordyrking
Plassfolk, ei ny samfunnsgruppe
Endringar

Mellom grannar

Samarbeid om kunstig vatning
Baksnakking om trolldomskunster
Kjeftbruk og truging med kniv
Anne Eiriksdotter venta barn
Hore og madonna

Hus og innbu

Verksgarden Formo
Kapteinsgarden Sandbu i Vågå
Innbu og lausøre
Kontrastar

Draumar i krigens tid

Vevarane og biletmotiva
Ei eventyrverd med kongar og og dronningar, visdom og dygder
Vevnader til kvardag og fest

Skifte og fordeling i heimraster og fjell

Skiftet etter enkja Barbro Amundsdotter Bjølstad
Grensegangar om felles ressursar
Bjølstad med heimrast
Deling i skog
Sameiga i Sandbusmorkja
Nikolas Grein mot bøndene i Sel

Grenser mot andre prestegjeld

Vagværar og kvikneværar i holmgang
Som det kunne søme seg for "smukke" grannar og grender
Grannskap med skjåkværar i Finndalen
Rettar og løyve

Bønder blir sjølveigarar

Jorddrottane - offiserar, forretningsfolk og velståande bønder
Auksjonen på Elstad i 1726
Salet av kyrkjene

Framgang under den vesle istida
 
1725-1800: Velstand og større ulikskap
Folkeauken held fram

Folkeauke, men også svolt og epidemiar
Barn av ugifte foreldre
Spørsmål om ære og arv

Gamle og nye grender

Bygslar eller husmann?
Bønder og plassfolk
Tre husmannskontraktar
Husmenn som ein økonomisk ressurs
Ein underklasse vert til
Allmenningsbruk
Aukande sosial ulikskap

Gard og grunn

Kornavlingar og folltal
Omsetjing og forråd av korn
Husdyrhaldet
Sætring sommar og vinter
Kvilingssætrene i Randsverk
Matmor og enkje
Enkjer og gjengifte

Vegar ut og heim

Ein økonomisk oppsving og ei boble som brast
Bygdesager og gardprisar
Handel og nytingsmiddel
Avstandar og strabasar - ulike sider ved presten Dopp
Kongsvegen gjennom Gudbrandsdalen
Post, kost og losji
Nøytralitetens pris

Herredømet over språket

Lov og rett
Skule og skriftkultur

Dei store vart større, dei mange vart fleire
 
Storofsen i 1789

Selsverket
Taksten etter Storofsen

 

DEL 2: 1800-1907
Folket i vågå, sel og heidal

1800-1865: På  veg mot ei tålegrense
 
Garden som sentrum for liv og verksemd

Utskifting i skog, teigblanding heime
Ein tilhaldstad for folk og dyr
Eit stabilt gardssamfunn
Føderådsfolk, tenarar, innerstar, legdlemer
Dobling av produksjon, tredobling av folketal

Folketal og yrke

Gode år, mange fødde, få døde
Yrke, stand og rang
Høg og låg i same bygd
Det tradisjonell samfunnet når tålegrensa
Handverkarane
Opning for impulsar, evne til å gjennomføre, vilje til å ta i bruk
Ein gullalder tek slutt

Krig naud og ein nyfødd stat

Under krigsfana i 1808 og 1814
Naudsåra heime
Året 1814
Eit pålagt bankinnskot og ein ekstraskatt på inntekt og formue
Avvikling av det siste leiglendingsgodset

Vågåpresten

Spørsmål om autoritet - prest og bønder
Ei maning til disiplin under fornuftens himmel
Haugianarane
Fast skule ved Vågåkyrkja
Prosten Krag sitt ettermæle

Bønder og lokalstyre

Eit nytt forum for ein gamal elite
Frå kornmagasin til sparebank
Konflikt mellom formannskapet og magasinforvaltaren
Ein sparebank for Vågå eller heile Nord-Gudbrandsdalen

Næringsfridom og samfunnsansvar

To utsette kvinner
Ansvaret for dei fattige
Arbeidarforeiningar i Vågå; Heidal og Sel

Arbeidsvandring og 

Ungdom til Romsdal, Nordmøre og Trøndelag
Til Salten i Nordland
Ekteskap og føderåd under levevilkår i endring

Mot ei framtid opplyst med gass og driven med damp

 

 

1865-1907: Nye tider
 
Færre folk

Utvandring til Amerika: Kjelder og omfang
Brevet heim og brevet ut
Med jord som mål - Andreas Andersen Hjerpeland
Arbeidsvandring - Mari og Ola Austrem, Hans Kleiven
Ei familiehistorie
Oppbrot frå eit uverdig liv
Avviklinga av husmannsvesenet i Heidal
Nedlagde heimar

Utfordringar for storsamfunnet

Retten til eigedom og bruk i allmenningane
Jakop Lårgård og Iver Sletten

Omstilling i jordbruket

Anlegg opnar nye perspektiv
Frå overskot til underskot på arbeidskraft
Arbeidsløner og matproduksjon
Husdyrhald og avl
Ein marknad på Otta for driftefe
Knutepunktet Randsverk

Otta og Vågåmo

Veg og jernbane, post og telefon
Det gamle maktsenteret i hovudsoknet

Ikkje lenger allmugen men folket

Folkeskulen avløyser allmugeskulen
Høgremenn og venstremenn
Ei vidare folkeleg deltaking
Kommunevalet i 1898 og 1901
To skilsmisser

 

Del 3: Notar, Kjelder, Litteratur og Register

Notar
Kjelder
Litteratur
Namne- og personregister


Tips:

Dersom du leiter etter eit ord, eit uttrykk, eller ein link på ei side med mykje tekst kan du gjera følgjande:
Hald nede
Ctrl-knappen på tastaturet og trykk f
Da vil følgjande kome opp:

Skriv inn søkjeord/uttrykk og trykk "Søk etter neste". 
Du vil da bli vist neste førekomst av ordet/uttrykket 

 

Bedrifter 

Kommunikasjon (Buss/Tog etc.)

Sport/Idrett/Foreninger/Lag

Forretninger

Reiseliv/Turisme

Stat/Fylke

Helsetjeneste/Legekontor

Sel Kommune

Utenlandske sider 

Hjemmesider

Skoler/Undervisning

Diverse (art. etc.)

 

 

www.norwegen1.com
www.links4students.com
www.grancanaria2000.com
www.otta2000.com
  
www.grytting.com

 

(Dette nettstedet har ikke ansvar for innholdet på de sidene det lenkes til)

© 

Start