www.otta2000.com


  

 

Ved Rundarne
 

av Aasmund Olavsson Vinje
(1818-1870)

 

 

www.otta2000.com

 

 

               


Ved Rundarne 

No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg på Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminne er den Tala blandad;
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

 

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg alltid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i lufta blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld av Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim til Notti vil meg lysa.

 

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synes meire bjart,
og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart:
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og kvar ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjempur, spyr eg, kven som vinner
av den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli burt i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eingong huggar
dei gamle Minne og dei gamle Skuggar.

 

"Vinje hadde vanskelig for å finne seg til rette i det dansk-norske skriftspråket og i 1858 gikk han over til å bruke Ivar Aasens landsmål, men uten å være bundet av dennes form" 
(Aschehoug og Gyldendals Store Norske leksikon)

       
Rondane sett fra Feforområdet
Rondane sett fra Feforområdet i Nord-Fron


Rondane fotografert fra Spranget


Rondane sett fra Vollsdammen


Rondane fotgrafert fra Kleivrudåsen


Rondane sett fra Tjønnbakken
       
       
               

 
     
     
 
               

 

Tilbake til 'Stigar og fotturar i og nær Otta'


Tips:

Dersom du leiter etter eit ord, eit uttrykk, eller ein link på ei side med mykje tekst kan du gjera følgjande:
Hald nede
Ctr-knappen på tastaturet og trykk f
Da vil følgjande sprette opp:

Skriv inn søkjeord/uttrykk og trykk "Søk etter neste". 
Du vil da bli vist neste førekomst av ordet/uttrykket