|
Tyttebær ved Ulafossen
"Vaccinium
vitis-idaea"
(10
september)
Tyttebærplanten
er svært hardfør og finst heilt opp til 1800 m.o.h. i Jotunheimen. Bæra
inneheld benzosyre og kan difor lagrast lenge med lite eller ikkje noko
sukker. Dei har og eit høgt pektininnhald (syltetøyet blir da ikkje så
lett tynt).
Det var tidlegare vanleg å legge nyplukka tyttebær i vatn, i reine
tre-kar.
Meir finn du på
denne
internettsida.
Har
du forresten høyrt om "Tyttebærkrigen"?
I følgje Aschehougs Store Norske leksikon var dette eit dansk/norsk åtak
på Bohuslen sommaren 1788.
(Etter at Gustav 3. gjekk til krig mot Russland vart Danmark/Norge òg
part i striden.) Omlag 12000 mann under dansk leiing fall i ryggen
på dei svenske styrkane ved Kvistrum bro og tok 800 fangar. Dette førte
ikkje til varige resultat, og dei norsk/danske avdelingane vart sterkt
reduserte gjennom sjukdom. Mellom 3000 og 4000 mann døydde i feltlasarett
og barakker, dei fleste i Fredrikstad.
Ei av forklaringane på namnet gjekk ut på at så
lite skjedde
at soldatane hadde tid til å plukke tyttebær (flust opp med mat var det
vel heller ikkje).
- Ei anna knyter namnet til dei raude uniformene til dei norske soldatane.
|