Utsikt frå Kinnet (1047 m.o.h.) ovanfor Horgisetrin - i bakgrunnen Rondane
 Horgen ved Nord-Sel

(Fotturar nær Otta)
www.otta2000.com

 

 

 

 

 

               

Horgen

På Rondanekartbladet til Statens Kartverk finn du 'Horgisætrin' litt nordvest for Nord-Sel - i retning Jetta. For å koma dit lyt du køyre E6 gjennom Rosten. 
Eit par kilometer nord for Høvringsvegkrysset tek vegen til Horgen av til venstre.
 


Garden Haugen i Rostgrenda
 

Etter å ha passert gardane i Rostgrenda kjem du inn på bomvegen til setrene og hyttefeltet. 

Personbilavgifta (sept. 2002):  kr 25,-  og ti kroner meir om vinteren.

Vegen går vidare nokre kilometer gjennom skoglendt terreng med jamn stigning

 

   
  
         


Utsikt frå Horgen mot Nord-Sel og Selsmyrene 
 


Når du kjem opp til setrene er det god plass til å parkere bilen

Eit utsnitt frå ein gamal vinduskarm
  

               


Her oppe - ved det gamle toetasjes tømmerhuset  som ein gong i tida var brukt som hotell - har ein ei fin utsikt mot dalen og Lågen. Nord-vestover ser ein mot Horgenosi, og bak denne ligg Blåhø/Jetta med radio- og fjernsynsomformaren. 

Etter å ha parkert bilen kan ein følgje grusvegen (på bildet over) eit stykke nordover, før ein tek opp til høgre gjennom terrenget mot den vel tusen meter høge toppen Kinnet. 
Frå Kinnet har ein utsikt mot Dovrebygda, Høvringen og Rondane, i tillegg til Jettamassivet og Selsmyrene. 
  
   
  
         

Frå Kinnet ser ein her Horgenosi (1429 m) og bak den ligg Blåhø med Jettasendaren (1617 m.o.h.)
 

 

Utsikt frå Kinnet nordvestover mot Dovrebygda

 

               

 
Frå Kinnet/Vættahaugen ser ein og vegskjeringa til E6 nede i dalbotnen (gjennom Rosten). Til venstre i bildet, - det vil seie nord for Rosten - låg det ved slutten av den siste istida ein stor innsjø som hadde avlaup vestover - fram til vatnet braut seg veg sørover gjennom Gudbrandsdalen. 

Nede til høgre ligg krysset der vegen til Høvringen tek av. Svingane opp lia er mange - før ein kjem til hotella, setrene og hyttene på sjølve Høvringen. 
Gjennom gjelet til venstre for vegen renn Høvringsåi. På nordsida, oppe i lia, ser ein plassen Fagerli. 
I bakgrunnen Rondane-massivet.

Heilt til høgre i bildet ligg Anaripigg, kjent frå Engebret Hougens 'Avskje mæ Høvringen' -«Verdens skjønneste kjærlighetsdikt», skal statsråd Løvland ha sagt om denne visa, som fortel om kjærleik som vart hindra av sosiale skilje: 

 

 

Avskje mæ Høvringen
(1845)

Sjå sole på Anaripigg! 
Nå går ho dit som ho um natte ligg; 
     mein fysst ho me 
     å stein og tre 
     å e
ille te  
     forgylle lyt. 
Budeia skvatta frå sitt
sel:
«Å, mon-tru kue kjøm nå tå se sjøl? 
     Hurulihu -
     lihulihu! 
     mi syte ku 
     æ grummast støtt». 
Bjøllun' dumt baka haugom tona, 
klonken rart att i bergom ljoma, 
bekkein' silla som tåre stilt; - 
     e æ hog-ilt 
 

 

 

 

 

eille - alle

skvatte - titte, skotte, 

sel - seterhus

syte - søte

grummast - snillast

hog-ilt - trist til sinns

 

 

Kor reint foronderle au lell, 
mitt hjerta hoppa upp i me i kvell! 
      Kor rart dæ æ, 
      når fjelle tæk
      sinn avskje mæ 
      sinn kjære gut! 
På Høvrings vakre sæterstul 
i dag vist siste gong e helt mi jul
     Dæ hende fleir 
     at eilder meir 
     dømm såg sitt reir, 
     når dømm flaug ut. 
Eilder jentun' så vakkert hulla, 
bergljom, bekkein' og bjøillun' sulla! 
Detta spår me vist inkort ilt; - 
     e æ hog-ilt. 
 

 

 

 

 

 

 

 

hulle - synge/lokke kyrne heim

inkort ilt - noko vondt

 

Ska her i væln e inkje få 
ho Marit, som e hell så myky tå? 
     Mein kåfor så 
     skull e da få 
     mitt auga på 
     minn kjæraste? 
Ho var fornem, mein inkje grum, 
dein fyste jenta som e drøimde um; 
     i dag ho sa 
     så myky bra, 
     med gråt me ba 
     å hugse se. 
Ja, du gjere me blaut i sinne, 
når alt einna glett utu minne. 
Mein å få de - dæ slepp e snilt; - 
     e æ hog-ilt. 

 

 


ln
- verda

 



grum
- her: stolt

 

 

 

einna - anna
glett - glir
dæ slepp e snilt - det slepp eg nok

 

Sjå deinn som kjømm i snørlivs-kjol!
Å skin på ho, du vakre, raue sol!
     Å kjære fjell, 
     skikk kue lell
     heim-att i kvell, 
     - så slepp ho gå.
Å hauge, gjer døkk høge nå,
så jenta mi si ku frå døkk ke
inn sjå!
     Å bergljom ti,
     ei litol ri!
     Læt bjø
illa si
     ho høyre få!
Kjære dale, døkk me må gjø
ime!
Kanskje tør ho si sorg då glø
ime.
Imbert, nå må du gråte stilt! 
     Ho æ hog-ilt.

 


deinn - den

 

 

 

ei litol ri - ei lita stund

 

Heinn Imbert vil ho gjeinne sjå,
me
in småe bekkje renn frå augom blå.
     Ho sakte si:
     "E einsle bl
     nok e
ill mi ti,
     for venn minn strauk.
He
inn, som frå før i væl'n va minn,
he
inn, som va stø som stein å lett som vinn,
     he
inn æ e nå
     au hoga på,
     e tenkte få
     'en; - me
in e rauk.
He
inn va lentog, e høird 'en låte;
nå e einsle må gå å gråte.
Treff 'en her, - dæ e slepp nokk snilt, - 
     e æ hog-ilt.

 

 

gjeinne - gjerne

 

 

 

 

 

mein e rauk - eg oppnådde ikkje det
lentog

 

Å sole ned bak tindom datt,
og sje
innun glytte fram, å månin spratt.
     Nå vart dæ kvell,
     farvel, farvel,
     du gamle fjell
     e e
ilska mest!
Dinn blome Imbert e
ilder når,
e stegalaus te himils inkje går.
     Kå bæl te dæ
     så tverr du æ,
     slikt nekte me,
     du sjøl veit best!
- Marit veit nokk e
it einna stelle,
meire grepa hell Høvrings fjelle,
der oss korkje ska vera skilt 
     hell bli hog-ilt.

 

Etter 'Digte' (1891)
('aa' i originalteksten er modernisert til 'å' - og vanlege substantiv har her fått liten forbokstav)

 


sjeinnun
- stjernene
månin - månen

 


eilder
- aldri

Meir om 'Avskje mæ Høvringen' og selveren og skulemannen Engebret Hougen (1826-91) kan du lese her.
Han var mellom anna medlem av den "kongelige oppnevnte kommisjon til å utrede lov for byfolkeskolen".

Tilbake til 'Stigar og fotturar i og nær Otta'


Tips:

Dersom du leiter etter eit ord, eit uttrykk, eller ein link på ei side med mykje tekst kan du gjera følgjande:
Hald nede
Ctr-knappen på tastaturet og trykk f
Da vil følgjande sprette opp:

Skriv inn søkjeord/uttrykk og trykk "Søk etter neste". 
Du vil da bli vist neste førekomst av ordet/uttrykket