Rudigardane på vestsida av Selsmyrene
Utsikt frå Formolia - omlag midtvegs.

(v/Geir Neverdal)
www.otta2000.com
 


               

 

Frå Formo til Putten
- og attende
 

Dette er ein tur du godt kan gå i vanlege sko.
Lendet er tørt og fint, vegen svingar seg att og fram med jamn stigning opp lia. Når du kjem opp, venter ein nokså flat stig nordover åskanten mot Putten.
Dette er den gamle setervegen til Skardsetrene og Putten . Her gjekk dei òg når dei skulle til fjells for å jakte, - eller hente mose til krøtterfor.

Underskrivne, som er vel 60 og i dårleg form, brukte omlag ein time og tjue minutt i lia, - og vel 20 minutt derifrå til Putten. - Med ein god del stopp for å fotografere, nyte utsikta - og for å kvile på litt.
Attende gjekk det lettare, men det tek på knea å gå lenge i nedoverbakke.  
:-)


Takk til Sel kommune for lån av kart.
 

Sjå òg interaktivt kart som syner området
(du vil bli spurt om å installere Adobe SVG-viewer
dersom du ikkje har det på maskinen).

 

Dette skiltet og ei informasjonstavle står nede ved E6, litt nord for Formo. Der tek vegen opp. Det er ikkje lett å parkere her, det er snautt plass til ein bil, men nokre hundre meter lenger nord er det romslegare.

 

Informasjonstavla fortel m.a. følgjande:


"Vegen har 19 svingar opp til 'Hullarhaugen'.

Frå Hullarhaugen hulla budeiene over til andre sida av dalen og fekk på same vis svar attende"

å hulle: syngje tonar utan ord, hue med syngjande røyst for å sanke feet.
(Nynorskordboka på nettet)

 

 Vel hundre meter ovanfor E6 ser setervegen slik ut. Du kjem over i ei anna og stillare verd.
Her er det fuglekvitter og eit ekorn eller to som rår grunnen. Av og til møter du og søyer med lam - men i det store og heile er det stilla som rår - med ein svak sus frå europavegen i bakgrunnen, langt der nede.

 


I Formolia er det ikkje langt mellom maurtuvene.
Det finst i dag 53 maurartar i Noreg.
Ein reknar med at resten av verda har over  9000, men på grunn av den 'korte' tida som er gått sidan siste istid (9-10 000 år) er det berre eit fåtal som har etablert seg her i landet. Dei fleste av desse artane finn vi i Sør-Noreg.
(Wikipedia)

 

Frå Formolia ser ein over til vestsida av Gudbrandsdalen like nord for Otta,
der ligg Rudiskaret mellom Halldorpiggen (til venstre) og Hakkemetberget (til høgre).
 

 


 

Etter kvart vert stigen/vegen smalare og brattare før den flatar ut litt ved ein av dei fyrste kvileplassane, Vesl-Hjellen:


Fanden hadde skulda (?)
Dei mektige steinurdene i Formolia nord for setervegen skal i følgje ei overlevering skrive seg frå den gongen Fanden fylgde etter Gud på skaparferda hans.
- Sekken hans rivna og innhaldet vart til steinurdene i Formolia.
(UIO)

 

 


Hågåbrua
 


 

Utsikt mot Hågåbrua, frå ein stad mellom Vesl-Hjellen og Stor-Hjellen.
Den gamle Hågåbrua vart teken av flommen fyrst i 1930-åra og det gjekk eit par ti-år før ny bru kom på plass, i 1958.
Dersom det var lite vatn i Lågen, kunne ein koma over med hest og reiskap, men elles måtte ein bruke båt, eller reise nordom brua på Sel.


"Hågåbrua frå 1958 er samansett av to gamle jernbanebruer frå Fåvang. Ola Dahl (tidlegare Ordførar i Sel og Fylkesordførar i Oppland) fekk tak i desse og fekk dei frakta med jernbana nordover til Rudi. På vinterføre drog Leif Hoff bruene dit dei skulle med bulldozer.
Løkken og Raubakken sette anlegget i stand."

"Selsvollane - frå Sumpmark til åkerland"  av Hans Formo:(Gåmålt og nytt frå Sel II)

 

 

Utsikt frå Stor-hjellen, mot Elvheim på vestsida av Lågen

 


Utsikt frå Stor-hjellen.
Ein av åkrane på vestsida av Lågen (denne tilhøyrer Formo) .

Selsmyrene
- Arbeidet med turrlegging av Selsvollane tok lang tid (1878-1981) og ein må vel rekne med at framtidige flaumar vil føre med seg vedlikehaldsarbeid og oppryddingsarbeid.
- Men dette storverket skaffa òg bygda 6000 mål nytt jordbruksland, der ein i dag m.a. produserer korn og gras.
Kvart år blir omlag 2 millionar kilo korn levert  til kornsiloen på Otta.
(Jfr. Hans Formo:"Selsvollane ...")

 

 


Kvilarflata

Dei to kvilesteinane var gjeve - serleg for ungane på veg opp lia.
Det var om å gjera å vera fyrstemann fram til desse.
 

Dånnådalen
- Her gjer vegen ein skarp sving på kanten av gjelet mot Formobekken.
Dette var ein farleg stad, vinterstid, med snø og is.
Det er vel grunnen til at ein har sett opp nokre kraftige stabbesteinar, - dei tek i mot dersom sleden eller hesten tek til å gli.

 

I

Ekorn
Vi støtte fleire gonger på ekorn, men raske i snuen som dei er fekk eg berre eit uklårt bilde av denne krabaten.
I Noreg finst raudt ekorn som held til i barskog, så langt nord som i Finnmark, og i bjørkeskog på fjellet.

Ekornfamilien, gnagarar av familien 'Sciuridae' frå gresk skiouros, ('skia' skugge + 'oura' hale (hale som kastar skugge) Familien omfattar rundt 200 artar i omlag femti slekter.
Wikipedia

 


Gamal skog

Innimellom vert stemninga mest trollsk.
Utgamle furutre med kronglete røter veks langs vegen - ein tur opp lia ein sein kveld i august kunne gje næring til mange assosiasjonar - og stoff til ei og anna kveldsetoforteljing om hulder og skrømt av ymse slag.


 

Bjøynnkleive
Noko høgre oppe kjem vi fram til Bjøynnkleive.
Kva for ei historie ligg bak namnet?
(Gje meg eit tips dersom du kjenner til bakgrunnen for namnet.)
 

Utsikt mot Gudbrandsdalslågen frå Bjøynnkleive

 .

Kanten mot Formobekken ved Bjøynnkleive

 


Vegdele
Vel oppkomen deler vegen seg - over kloppa til høgre kjem ein til setrene, men tek ein stigen opp til venstre mot Skardranden går vegen vidare til Putten

Kloppa og bekken der vegen til Skardsetrene og vegen til Putten skil lag.

 

 

Skardranden
Dette bildet er teke frå Skardranden (med zoomobjektiv) og viser deler av Selsverket og industriområdet i Øya.
I øvre del av bildet E6, i nedre del jernbanen og baksidevegen til Sel.

 

Utsikt mot Rudigardane og baksidevegen mellom Otta og Sel - frå Skardranden

Frå Skardranden kan ein følgje ein turrlendt og grei stig langs åskanten nordover mot Putten.


Nokre nysgjerrige sauer med lam var alt vi møtte på denne delen av turen

 

 

For 150 år sidan (1855) nådde sauetalet i Oppland ein tidlegare topp med 137 000 dyr - slaktevekta for vaksen sau var berre på 12-18 kg den gongen. (Kjensfjord s.14)

"Oppland er (i dag) det nest største beitefylket i landet med 37.000 storfe, 266.000 sau, 6.000 geit og 700 hester på utmarksbeite. Stordelen av disse er med i ett av de 110 organiserte beitelagene (94 % av sauen).
Vel 3.000 gårdsbruk i Oppland slipper dyr på utmarksbeite, det vil si halvparten av alle bruksenheter. Antall dyr holder seg rimelig stabilt, mens antall beitebrukere går ned - (20 % nedgang siden1995)."
(Fylkesnytt 1/2006 Oppland)

(Det bur i dag (2008) vel 180.000 menneske i fylket)

 

 

Putten seter,
- eit triveleg setertun med hytter, tilbyr mat og overnatting (rabatt for medlemmer i DNT).
(Sjekk nettstaden for kontaktinformasjon m.m.)

 

 

Ei strevsam tid

I dag gløymer ein lett kva for eit slit transporten mellom setrene og bygda må ha vore.
"Vegen" kan sjå bra ut sumarstid, her nede, men med 'måsålass' på issvullar vinterstid var det ei risikabel ferd både for hest og folk.
Så seint som i 1930-åra hende det at eldre folk bar høy i strisekkar frå setrene ned lia.
Dei  rodde så sekkane over elva, og fekk slik  frakta for heim til bruk på vestsida av Selsmyrene.
(Oleanna Løkken Einbu)
Hans Formo og Kari Brun Gulbrandsen fortel at brukaren i Mathistad frå 1919-1948, Lars Gjetsiden, køyrde mjølka frå setra ned Formolia med hest og slede til mjølkeruta nede i bygda.
Etter å ha gått same vegen synest det for meg rart at dette kunne gå godt.

 

 

Mykje meir informasjon om vegen og området finn du i artiklane til Oleanna Løkken Einbu, Hans Formo og Kari Brun Gulbrandsen. (Sjå kjeldene nedanfor)

 

Kjelder:
Informasjonstavle ved E6
"Sætervegen opp Formolia" av Oleanna Løkken Einbu ("Gåmålt og nytt frå Sel", 1999)
"Sætrene i Skardet og Putten" av Hans Formo og Kari Brun Gulbrandsen ("Setrer og seterliv i Sel", 2007)
"Selsvollane - frå Sumpmark til åkerland" av Hans Formo (Gåmålt og nytt frå Sel II", 2002)
Sammendrag av ekskursjon GEO 2120 Naturressursforvaltning våren 2006 (UIO)

"Slakterisamvirket i Hedmark og Oppland gjennom 75 år" ved Georg Kjensjord, 1979
Miljøverndepartementet: Generelle merknader til verneforslaget (Rondane - utvidelse av
nasjonalparken )

Sel kommune: Områder tilrettelagt for friluftsliv (PDF-dokument)
Fylkesnytt 1/2006 Oppland  - Fra fylkesmannens landbruksavdeling i Oppland
 

Foto: © GN