Uladammen
Mini-Niagara ved bommen i Uldalen
 


Web: Geir Neverdal - www.otta2000.com 
               

 
Filmklippet vert automatisk opna i Windows Media Player. Klikk på linken nedanfor. 
  150kb/s - ca 1min.  
 

   
  Like nord for Otta, på Selsverket, renn sideelva Ula ut i Lågen. 
Ula har opp gjennom tidene ofte laga vanskar. Ho renn gjennom lange strekningar med leirblanda grus, -  og i vårflaumen vart delar av denne massen frakta ned i hovuddalføret. Her la grusen seg att, Lågen vart demd opp - og Selsmyrene overflømde. 

 

 


Selsverket
Takk til Sel kommune for lån av kart

     


Takk til Stian Høglien som har skaffa bildet!

     
  Dette er eit bilde frå ein eller annen gong før 1908. Nøyaktig år har vi ikkje men kortet er poststempla 1908. Det kan vera flaumen i 1897 da Ula braut igjennom steinforbygginga og demde opp Lågen (sjå lengre ned på sida).

Store delar av vollane er her dekte av vatn. Truleg ein vårflaum da vi ser snøflekkar i fjellet bak. Situasjonar som denne var grunnen til at myndigheitene bevilga midlar til bygginga av fangdammen i Ula.

 
 

For å unngå dette hadde ein i 1878-79 - med statlege midlar -  bygd ein dam som skulle fange opp grusmassane før dei kom så langt at dei gjorde skade.
Johan A. Lie fortel i ein interessant artikkel i boka "Gåmmalt og nytt frå Sel - Bind II" at tre dammar var planlagde, men mangel på pengar gjorde at det vart med ein.

I årboka for Gudbrandsdalen (1961) fortel signaturen T.N. om ein stor flaum i Ula.
Elva tok da til å grave på Brustugulykkja. Etter ei tid braut ho gjennom steinforbygginga som bøyde straumen sørover før ho rann ut i Lågen ...

"... og sette beint på Lågen, som vart uppdemd. Det vart da ei stor bølje, som gjekk heilt åt Nord-Sel, for myrin sto onde vatn. Innigjønnom Uldal'n vart veigen øylagt på fleire stelle. Innast i Uldalsjorde softe elve mæ se heilt innpå blanke berge, så elvfare gjekk der veigen ha vore. Sæterbrue au strauk mæ ti flåme, så det va heilt orå å fårå åt Mysusætern dein veigen."
(Dette skal ha skjedd våren 1897 - altså etter at den fyrste fangdammen var bygd - dersom årstalet er riktig)


Den gamle Uladammen var etter datidas mål eit imponerande byggverk.
Takk til Norges vassdrags- og energidirektorat for lån av bildet

 


I planleggingsfasen for den nye Uladammen gjorde NVE også reie for litt av bakgrunnen for den gamle dammen.
 


1789 - Voldsom flom i Ula i
"Samtidig med flommen "Storofsen" i 1789 inntraff det en voldsom flom i Ula. Store grusmasser ble ført ned i dalen slik at Lågen ble flyttet helt over til vestre dalside. Elveleiet ble samtidig løftet så mye at Selsmyrene som ligger ovenfor, delvis ble liggende under vann."

1855 - Tørrlegging av Selsmyrene?
"
I 1855 ble Kanalvesenet bedt om å under-søke mulighetene for ¨tørrlegge Sels-myrene. Kanaldirektør Røyem la i 1855 fram planen for "Selsmyrenes uttapping" basert på regulering av Lågen og Ulas utløp. Planen tok sikte på å grave ut en del av de grove massene ved Ulas utløp. Man forutsatte da at Lågen ville senke seg selv."
(NVE: Dialog nr 10 1998)



Selsverket 1910 - Ula kjem ned frå høgre midt på bildet -  mellom kyrkja og gardane.
(Bildet er lånt frå pysje-med-alt.com)


Grunneigarane ønskte fortgang i saka - i 1857 seier dei mellom anna:
 

 


1857 - Selsnepeproblemer
"Således var klimaet blevet meget usundt, hvilket tilstrekkelig belystes derved, at den for sine giftige virkninger bekjente plante Sellsnæpen voxede i stor mængde paa myrene.
Vistnok avledes der paa en del av myrene noget græs, men dels var dets inhøstning saa besværlig og skadelig for høstfolkenes helbred, at arbeidet neppe erstattes ved det vundne utbytte"
(NVE: Dialog nr 10 1998)

Selsnepe (Cicuta virosa) er en giftig plante i skjermplantefamilien.
Planten er flerårig og blir 50 - 120 cm høy. Den blomstrer i juli-august med hvite eller lyse rosa blomster som sitter sammen i skjermform. Jordstengel innhul, tverrdelt med en serie luftfylte kamre.
Man kan finne blomsten i våtområder som vannkanter, våte enger og myrer. Selsnepe vokser naturlig i nordlige og sentrale deler av Europa, nord i Asia og nordvest i Nord-Amerika.
(Wikipedia)

 
     
  1877 - Vedtak i Stortinget om "materialsamledam"

Økonomien hos grunneigarane var så dårleg at planen ikkje let seg realisere.
Det var likevel klart at ein måtte stoppe tilførselen av stein og grus frå Ula for å unngå at Selsmyrene skulle bli ein innsjø.
Etter fleire behandlingar i Stortinget, vart det i 1877 bestemt at ein "materialsamledam" skulle byggjast i Ula. Utrekningar synte at denne dammen skulle halde attende 25 000 kubikkfamner - det vil seie omlag 167 000 kubikkmeter "skadelig materiale"
 

I 1879 bygde ein dammen.

Den vart mura av tilhogd stein og står på fjell. Kostnaden i 1879 var 22 000 kroner.
Den gamle dammen gjorde teneste i 120 år før kravet om ein sikrare dam førte til ny aktivitet.

 

 
 


Brua over Ula nede ved Stampemølla, eit stykke
nedanfor dammen.


Økte krav til stabilitet
"Dammen ... er påbygd og utbedret flere ganger i årenes løp. Likevel tilfredsstiller den ikke dagens krav til stabilitet. Et eventuelt brudd vil kunne få betydelige konsekvenser. NVE har derfor besluttet å bygge en ny dam umiddelbart nedenfor den eksisterende dammen. NVE er byggherre for den nye dammen og Statkraft Anlegg AS  er valgt som entreprenør etter offentlig anbudskonkurranse.
(NVE: Dialog nr 10 1998)

 
     

 

 


Den gamle dammen er teikna inn med stipla liner bak den nye.
Den øverste meteren av den gamle dammen vart fjerna.
(Teikning: Norges vassdrags- og energidirektorat)

 

  På  1990-talet vart det klart at den gamle dammen måtte skiftast ut, den var ikkje sikker nok lenger.  
 


1999 - Ny dam

Den nye dammen vart bygd som ein buedam i armert betong, fundamentert på fjell. Damkrona forma ein slik at flomvatnet lett kan passere. Den sto ferdig i 1999 og er vel 15 meter på det høgste, - med eit overløp på 27 meter. Kostnadene kom på 9,6 millionar kroner.
 

Frå bygginga av den nye dammen:

Den øverste meteren av den gamle dammen vart fjerna og den nye dammen bygd litt framanfor den gamle. (Sjå teikninga lengre oppe på nettsida)
 

 


Jørgen Letrud står her i opninga i botnen av den gamle fangdammen
 

  Takk til Jørgen Letrud som skaffa desse to bilda frå arbeidet.  
     
  I vårløysinga er den nye fossen her eit vakkert syn.    
       


Gamlevegen til Mysuseter går gjennom Uldalen. Den er i god stand, og om du ynskjer det kan du stogge omlag midtvegs og gjera ein avstikkar til fots opp til 'Kvitskriuprestein' - det tek vel 20 min.
 

Dammen, sett ovanfrå

 

Det er store stein- og grusmassar Ula fraktar med seg og legg att nede ved dammen. 
Desse må med jamne mellomrom fjernast.

 

  (Grundig informasjon om den gamle dammen frå 1879 - anleggsarbeidet, kostnadene, kopiar av gamle dokument osb. finn du i Johan A. Lie sin artikkel i "Gåmmalt og nytt frå Sel - Bind II" )  
     
 

Tømming av fangdammen hausten 2016
(Foto: Palmar Ruste)
 

 

 

Takk til Norges vassdrags- og energidirektorat  - og til Per Erling Bakke for hjelp med tekst og foto til denne sida.
 

 

Første versjonen av denne artikkelen vart lagt ut i juni 2003
Oppdatering i mars 2009 og oktober 2017.
 

Kommunikasjon (Buss/Tog etc.)

Sport/Idrett/Foreninger/Lag

Reiseliv/Turisme

Stat/Fylke

Sel Kommune

Utenlandske sider 

Skoler/Undervisning

Diverse (art. etc.)

 

 

www.otta2000.com
www.links4students.com
www.grancanaria2000.com
www.norwegen1.com
  
 

 

(Dette nettstedet har ikke ansvar for innholdet på de sidene det lenkes til)

© 

Start