... i serien: Du finn det i Gudbrandsdalen ...

                   

Billedvev og rutavev


Randi Lunde ved det gamle seterhuset som vart flytta hit i 1721

Web: Geir Neverdal
www.otta2000.com
 

 
 
 

Ein kvinnealder ved vevstolen

  Ved sida av gardsdrift og barnestell har Randi Lunde i over 33 år nytta dei ledige stundene ho hadde, ved veven. Handarbeid og ei vidareføring av dei gamle tradisjonane med billedvev og rutavev har vore ein lidenskap for ho.

Randi kjem frå den vakre Rustebygda i Nord-Fron.  I sommar har ho utstilling av ein del av produksjonen sin  på setra ved nordenden av Gålåvatnet. - Og det er ikkje lite ho kan vise fram - når ein veit at ein bildevev kan krevje fristundene i eit halvt år.

 
                   
     
                   

     
  - Korleis kom du i gang med dette?

- Eg fekk det vel inn med morsmjølka, - og etter kvart gjekk eg forskjellige vevkurs innan ulike teknikkar.
Ein vinter var vi 10 entusiastar som heldt kurs utan lærar. Da gjekk vi frå gard til gard og sette opp vev til kvarandre med ulike motiv. Det var svært lærerikt, interessant og sosialt!

Gamle vevmønster
Eg likar godt å komponere mine eigne mønstre både i billedvev og rutavev og eg er så heldig at eg har arva ein del gamle vevmønstre. Desse synest eg er så fine at dei fortjener å koma fram i lyset att.


Litt om billedvev i Gudbrandsdalen:

På 1700-talet fikk ein ei blomstring av denne vevkunsten, mellom anna i Gudbrandsdalen og på Vestlandet. I bygdemiljøa var det kvinnelege spesialistar som vov, med putetrekk og sengetepper som dei viktigaste produkta. Religiøse motiv vart ofte nytta på teppene, medan putetrekka ofte hadde ornamentale mønster. (Les meir i SNL)

 
 
Difor vil eg og slå eit slag for rutaveven (også kalla smettvev)

Seint og tidkrevjande arbeid
Dette er eit seint og tidkrevjande arbeid, i det ein må slynge trådane om kvarandre for kvar mønsterrute med forskjellige fargar. Når ein attpåtil brukar prydvevgarn, som er svært tynt går det enda seinare.
Men arbeidet blir ekstra fint i det det fell godt saman, og vevnaden kan brukast både på vegg og bord.
(Og det blir ikkje masseproduksjon!)

 
 

  Gamle mønster

- Kva vev du?

- Eg vev tepper, løparar og puter. I seinare år har eg arbeidd ein del med både å kopiere og fornye gamle mønster og prøve ut nye fargekombinasjonar.

Dette arbeidet blir meir og meir viktig for meg, og dersom eg kan nå den kommande generasjon så hadde det vore ekstra triveleg.

Eg synest dette er ein svært viktig del av vår kulturarv som er vel verd å ta vare på!

 
 


På setra til Randi og Johannes syter folungar og vaksne hestar for liv og røre.

     

     


Utstillinga i det gamle reinskura fjøset er ei oppleving i seg sjølv.

     

     

 

Dåpshuve pynta med "sølvkniplingar"
 

 

     

     

     

     

 

Gamle mønster i ny drakt.
Vottane i midten vart brukt som gåve til den ein var kjær i.

 
 

     

 

Johannes og Randi

 
   

 

 

Lundesetra på Nysetra ligg vakkert til.